Julegrantenning er kjekt for både små og store strandarar - makan til oppmøte som i år, kan denne journalisten faktisk ikkje hugse å ha sett sidan 2014.

Niklas Lillevold (halvanna år) trivdes godt på fanget til nissefar.

Pepperkakebyen vekte åtgaum hjå både små og store på julemarknaden.

Bankgata var plassen å vere laurdag ettermiddag - julemarknaden fortset òg søndag. Etter alle solemerker blir dette ein årleg tradisjon i Stranda tettstad.

Nissetoget frå Rema til torget hadde i år godt over hundre deltakarar, kanskje sågar opp mot to hundre. Sunnmøringen sin journalist kan ikkje hugse å ha sett eit slikt oppmøte før!

Karolina og Pavel Szwedo hadde med seg ungane på julegrantenninga, og stilte sjølvsagt òg med passande hodeplagg til høvet.

Smånissane Amalie Hovlid Hole (5) og Hanna Næss Årberg (10) syntes det var stor stas, både med julegrantenning og med julemarknad.

Mixkoret sto for songen då julegrana i Stranda sentrum vart tent laurdag.

1 / 8

Julegrantenning og julemarknad i Stranda tettstad

Kjempesuksess

Strandarane møtte opp i hopetal for å få med seg julegrantenning, nissetog og julemarknad.

Julemarknaden i Bankgata vert arrangert for første gong i år, og startsskotet gjekk laurdag ettermiddag etter julegrantenninga klokka fem.

Primus motor for prosjektet med julemarknaden og andre aktivitetar i Stranda sentrum er Art Studio Aknod ved Donka Uzonova-Petkova og Plamen Petkov, samt Stranda sentrumsforeining.

Nissetoget gjekk tradisjonen tru frå Rema til torget, og i år talde toget godt over to hundre små og store strandarar - noko Sunnmøringen har all grunn til å tru er ny rekord.

Mixkoret sang ved julegrantenninga, nissefar var på plass for å ta imot gåvelista frå ungane.

Julemarknaden fortset i dag søndag - og om du treng motivasjon for å kome i julestemning, så bla deg igjennom biletserien.

Sunnmøringen kjem sjølvsagt med meir om julemarknaden og innleiinga av adventen i torsdagsprenten.