<strong>Striden si kjerne:</strong> Er det eit naudsynt tiltak å måtte redusere tillaten mengde laks på Skogtugneset for å få has på lakselusa i anlegget? Det er det fleire meiningar om.
            (Foto: Griangraf/Colorbox)

Striden si kjerne: Er det eit naudsynt tiltak å måtte redusere tillaten mengde laks på Skogtugneset for å få has på lakselusa i anlegget? Det er det fleire meiningar om.Foto: Griangraf/Colorbox

Kven har rett?

Er reduksjon i laks naudsynt for å få has på lakselusa på Skotungneset? Mattilsynet seier ja, Fjordlaks seier nei.

Mattilsynet gjorde 1. juli i år eit vedtak som inneber at maksimalt tillaten mengde laks på Fjorlaks Aqua AS sitt anlegg på Skotungneset skal reduserast frå 2.340 tonn til 1.170 tonn grunna problem med lakselus.

Dette vedtaket har Fjordlaks Aqua AS no, via advokatkontoret Steenstrup Stordrange DA, klaga inn for Fiskeridirektoratet.

Ugyldig vedtak?

Fjordlaks Aqua AS skriv i klagen til Fiskeridirektoratet, at dei reknar Mattilsynet sitt vedtak i saka for ugyldig. Etter selskapet si vurdering kan ikkje direktoratet gjere om eit ugyldig vedtak om å trekke attende ei godkjenning, og ber difor om ei sjølvstendig vurdering om vedtaka frå Mattilsynet er gyldige.

Advokatfirmaet meiner at det difor er departementet som er riktig instans for ei omgjering av vedtaket.

Striden si kjerne er lakselus. I 2014 og 2015 har anlegget i Skogtungneset slite med lakselus, noko Fjordlaks ikkje nektar for i klagen til direktoratet. Spørsmålet er om reduksjon i mengda laks er eit forholdsmessig tiltak, noko firmaet meiner at det ikkje er.

Naturleg vern

– Lokaliteten vil i dei aller fleste år ha eit naturleg vern mot lakselus grunna den låge saliniteten (saltinnhald, journ. merknad) i fjorden, heiter det i klagen.

At problemet med lakselus vart omfattande i 2014/2015 skuldast lite nedbør og lite snøsmelting, hevdar firmaet. Dei seier seg òg samde med Mattilsynet i at lakselusproblemet ved anlegget i denne sesongen har vore alt for stor, men meiner at å redusere kapasiteten ikkje er eit høveleg tiltak.

Lokaliteten på Skogtugneset er no utslakta og ligg brakk, samtidig som snøsmeltinga er i gong. Mykje snø i fjellet gjer at saltinnhaldet (saliniteten) i fjorden vil verte redusert, som ei følgje av innførsel av ferskvatn i fjorden, argumenterer firmaet i klagebrevet.

– Det er difor ingen grunn til å tru at høg salinitet (saltinnhald) vil vere ei utfordring i 2015 og 2016, skriv advokatfirmaet.

Meir å lese på Sunnmøringen:

Tricia Boutté-Langlo:

Heidra svigerfaren med bursdagssong

Den amerikanske songarinna inviterte til julekonsert saman med Ytre Suløen i Stranda kyrkje søndag.

Gerhard B. Relling med minne frå Stranda

Leiken etter snøfall på 1960-talet

Problem i trafikken

Snøkava held fram