Geiranger

Opnar kunstutstilling

Eit av akrylmåleria til Evy Nupen.  Foto: Evy Nupen/Hotel Union Geiranger

Kultur

På laurdag opnar Hotel Union Geiranger galleriet sitt i høve ei utstilling med Evy Nupen sine bilete.

I ei pressemelding kjem det fram at utstillinga vil gå føre seg i tidsrommet 14. oktober til 17. desember.

Nupen stiller ut om lag 20 akrylmåleri i Geiranger, i ulike storleikar.

Kunststilen hennar blir skildra som nonfigurativ, og ho brukar eit stort fargespekter i bileta sine – i tillegg til kombinasjonar som ikkje er heilt tradisjonelle.

I ein uttale seier ho at kunstverka blir til i eit samspel med lerretet.

– Det er sjeldan eg veit kva resultatet blir. Eg har ingen klar ide når eg går i gang. Det heile blir til der og då, seier Nupen.