Julehefte Julehefte-tradisjonen byrja som eit forlagsinitiativ i Danmark, men spreidde seg raskt til Noreg i 1880-åra.
            (Foto: Aasen-senteret)

Julehefte Julehefte-tradisjonen byrja som eit forlagsinitiativ i Danmark, men spreidde seg raskt til Noreg i 1880-åra.Foto: Aasen-senteret

Aasen-tunet etterlyser

Har du eit julehefte-minne?

Søndag 26. november er det igjen duka for julehefte-utstilling i Aasen-tunet.

– Vi er på jakt etter dei gode minna folk har frå slike julehefte. Har du eit slikt minne, så send det inn til oss!

Det seier dokumentasjonsansvarleg Anders Aanes, som kan freiste med premiar og plass i utstillinga til tre utvalde historier i ei pressemelding.

Blir premiert

– Dei tre bidraga vi vel ut til bruk i utstillinga blir premiert med eit eksemplar av årets Juleroser, seier Aanes.

Ønskjer du å fortelje om eit julehefte-minne, kan du fylle ut eit skjema på Aasentunet.no.

Julehefte-tradisjonen byrja som eit forlagsinitiativ i Danmark, men spreidde seg raskt til Noreg i 1880-åra. Det første litterære juleheftet på nynorsk for vaksne kom i 1904, og hadde tittelen Jolekvelden. Dette er tradisjonen som er vorten teken opp att i Herborg Kråkevik og Samlaget si nyutgiving av Juleroser. Kråkevik er aktuell med arrangement i Aasen-tunet same dagen som utstillinga opnar.

Full temautstilling

Utstillinga, som har blitt bygt ut gradvis år for år, framstår no som ei fullverdig temautstilling. 

– Vi hadde lyst å trekkje fram ein tradisjon der nynorsken har stått sterkt, og det gjeld i høgste grad julehefta, seier dagleg leiar i Ivar Aasen-tunet, Gaute Øvereng.

Han fortel at det eldste barnebladet i verda som framleis kjem ut, Norsk Barneblad, har gitt ut sitt eige julehefte Juletre sidan 1898.

Teikneseriar

For mange i dag er det kanskje likevel først og fremst teikneseriane ein tenkjer på når det kjem til julehefte. SmørbukkVangsgutaneTuss og Troll og Ingeniør Knut Berg blir her rekna for å vere dei viktigaste i den nynorske tradisjonen.

– Alle desse tok til å kome ut som julehefte i 1940-åra. For mange som vaks opp på 1940-, 1950- og 1960-talet, er slike julehefte difor ein viktig del av jula, som kanskje gir ein smak av barndom og oppvekst, seier Øvereng.

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Storfjordens Venner

Ny kalender med historier

Vi er vande til historiske perler frå Storfjordens venner. Den nye kalenderen skuffar heller ikkje.

Aasen-tunet etterlyser

Har du eit julehefte-minne?

Søndag 26. november er det igjen duka for julehefte-utstilling i Aasen-tunet.

Ny film

Fin Stranda-reklame

Stranda vidaregåande skule har laga enda ein reklamefilm om kommunen.

Fv 60 Hornindal-Hellesylt

Omfattande berging

Fylkesveg 60 er stengt for tunge køyretøy i Indre Hornindal, men personbilar kan køyre om.

"Vestlandet":

Ber om fylkesnamn som ikkje provoserer naboane

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal med klar tale til Stortinget.

Sesongopning ved Strandafjellet skisenter

Fryda seg vilt i djupsnøen

Ring søkjer eigar:

Har du mista gifteringen din på ferja?

Mannskapet på M/F Sykkylvsfjord passar i tilfelle godt på den – men dei vil gjerne gi den tilbake!

Martine Lorgen Øvrebust

10.-plass på Beitostølen

Glatte vegar – også i Stranda:

– Køyr varsamt og etter forholda

Detaljregulering for skytebane på Stavseng

Feil gir høyringsfrist i desember