UKM Stranda:

Fullt på scena – men ledig utstillingsplass

UKM er for deltakarar mellom 11 og 20 år. Dei som er 13 år eller eldre kan gå vidare til fylkesmønstringa i april, som i år går av stabelen i Stordal. Illustrasjonsbilete frå arkivet.  Foto: Arkiv

Kultur

Påmeldingsfristen til Ung Kultur Møtes (UKM) i Stranda kommune gjekk ut i går, søndag.

I dag har dei 54 påmelde deltakarar. Dei aller fleste av desse er fordelt på 17 musikkinnslag.

Trond Otto Berg fortel at det førebels berre er eitt kunstverk i utstillinga.

– Eg må ta atterhald om at nokre kan ha begynt å melde seg på og ikkje har fullført det, og at dei sånn sett er i systemet. Men førebels er det berre eitt kunstverk. Vi held på å følgje opp nokre til, men det er lite av dette i år, seier han.

Sjølv om påmeldingsfristen no har gått ut, skal ein framleis greie å få med kunst- eller filminnslag, seier Berg – men då hastar det i tilfelle med påmelding. Aktuelle kandidatar kan ta kontakt med anten Berg eller lærar Joakim Nykrem ved Stranda ungdomsskule direkte.

Den lokale UKM-mønstringa går av stabelen i Storfjord kulturhus førstkomande søndag, 4. februar.