Skal dele scena med Frode Alnæs

– Musikken fann meg. Det starta som ein hobby, men no blir det meir og meir profesjonelt, fortel Aksel Helstad. Han er gitarist i bandet Soundmore, og jobbar til dagleg i Stranda kulturskule og på ungdomsskulen i valfaget Sal og scene.  Foto: Anniken Westad

Kultur

Aksel Helstad (23) ligg i hardtrening. Han har nemleg takka ja til å spele ein song i kulturhuset på laurdag – som den lokale gjestegitaristen til Frode Alnæs.

– Ein musikar sitt verste mareritt er å få hjerneteppe på scena, og gløyme kva ein skal spele. Så no øver eg som berre det, humrar han.

– For å vere sikker på at alt sit i fingrane blir det nokre lange netter. Som musikar skal ein ikkje tenke når ein skal opptre. Det skal gå automatisk.

Hemmeleg songval

Fingerspel, med inspirasjon frå det han skildrar som gitarklassikarar, er det kjekkaste Helstad veit å spele.

Kva låt han skal spele med Alnæs på laurdag er bestemt, men hemmeleg – i alle fall inntil vidare.

– Det var eit vanskeleg val, men det blir ein klassikar, seier Helstad.

Ledige billettar

Frode Alnæs er for tida på turné med gitarførestillinga «Min dans med strenger». I ei pressemelding kan ein lese at dette blir ei personleg og underhaldande framsyning, med historier frå artisten sitt liv.

Då vi prata med Sigurd Drege før helga, var det framleis mange ledige billettar.

– Dette må folk få med seg. Det blir ei stor musikalsk oppleving, sa han.

Stor oppsetting

Drege har kjent Alnæs i mange år.

– Eg har alltid hatt stor respekt for det han har gjort, både som soloartist og i Dance with a Stranger. Han har mellom anna skrive ein av dei finaste norske songane som er laga, «Vitae lux».

– Tidlegare har Alnæs spelt litt på Stranda Hotel, men det kan han ikkje no. «Min dans med strenger» er ei stor oppsetting med lys og lyd. Det er ingen trubadur som kjem denne gongen. Det er eit musikalsk standup- og historieshow som får store ovasjonar uansett kor det blir sett opp. Fleire som har sett framsyninga seier at dette er noko ein ikkje kan gå glipp av. Det er kritikarrost, og folk kosar seg veldig, sa Drege.