Protest Ein traktor med bilete av landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) stod parkert utanfor Landbruks- og matdepartementet i Oslo tysdag, i samband med at jordbruksorganisasjonane sa nei til tilbodet frå staten i jordbruksforhandlingane. 
            (Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix)

Protest Ein traktor med bilete av landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) stod parkert utanfor Landbruks- og matdepartementet i Oslo tysdag, i samband med at jordbruksorganisasjonane sa nei til tilbodet frå staten i jordbruksforhandlingane. Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix

Jordbruksoppgjeret

Aksjonerar i protest

Bøndene startar torsdag aksjonar for å skape merksemd rundt landbruket, men lovar at folk flest ikkje vil bli skadelidande.

Etter at det tysdag vart brot i forhandlingane mellom jordbruksorganisasjonane og staten, skal jordbruksoppgjeret til behandling i Stortinget 16. juni. No startar bøndene aksjonar med ein traktorkolonne på E39 frå Breim i Gloppen i retning Sandane frå klokka 10.

Fleire markeringar i vente

Bondelagsleiaren i Sogn og Fjordane seier aksjonane ikkje vil gå utover forbrukarane.

– Forbrukarane er våre viktigaste allierte, så det kjem ikkje til å gå veldig hardt utover folk flest, seier leiaren i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde, til NRK torsdag.

Han seier dei vil samarbeide med publikum for å unngå problem med trafikkavviklinga.

Framover kan det ventast ulike markeringar frå bøndene for å skape merksemd rundt landbruket.

– Vi kjem nok til å markere framover no, det blir ei viss merksemd rundt landbruket. Den måten dei produserer mat på, skal vi prøve å profilere i dei dagane som kjem, sa Lars Petter Bertnes på NRKs Politiske kvarter torsdag.

Bondelagsleiar Anders Felde er klar for å kjempe.

– Vi rustar sjølvsagt til kamp. Vi skal vise kvifor vi ikkje greidde å bli einige med staten, seier Felde.

– Politisk spel

Morten Ørsal Johansen, Frps landbrukspolitiske talsmann, meiner jordbruksorganisasjonane takka nei til avtalen for å gi draghjelp til Senterpartiet i valkampen, ikkje fordi avtalen ikkje var god nok.

– Dette er eit politisk spel, det dreier seg ikkje om pengar. Sp skal ikkje tape ansikt i valkampen, sa han i Politisk kvarter på NRK torsdag.

Leiaren i Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, seier det ikkje handlar om spel, men om realitetar.

– Vi skal ha ein levande norsk matproduksjon. Stortinget har vedtatt eit mål om å tette inntektsgapet. Det er ei viktig verdikjede for landet, og det må vere lønsamt å produsere mat, meiner Slagsvold Vedum.

Statens tilbod i oppgjeret har ei høgare ramme enn sluttresultatet som Bondelaget aksepterte i fjor og året før, men er langt under kravet på 1,45 milliardar kroner.

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Islamsk Råd sender inn klage på kutt i støtta

Islamsk Råd Norge (IRN) har valt å klaga på vedtaket frå Kulturdepartementet om å kutta i statsstøtta til organisasjonen. 

Framgang på Oslo Børs

Hovudindeksen på Oslo Børs er tilbake over 800-grensa og enda på 800,22 måndag. Indeksen steig med 0,51 prosent gjennom dagen.

Årsak til brannen på Toten der to omkom er ikkje funnen

Årsaka til den eksplosjonsarta brannen i attvinningsanlegget Metallco AS på Eina i Vestre Toten fredag er ikkje funnen. To personar døydde i brannen. 

Frp risikerer at Hagen får motkandidat til Nobelkomiteen 

Stortinget ber Framstegspartiet finna ein annan kandidat enn Carl I. Hagen til Nobelkomiteen. Frp risikerer at det blir stilt motkandidat mot partinestoren .

Budsjettfristen ryk – igjen 

Heller ikkje i haust klarar dei fire partia på borgarleg side å bli samde om budsjettet innan den sjølvpålagde fristen, måndag kveld.

Fv 60 Hornindal-Hellesylt

Omfattande berging

Fylkesveg 60 er stengt for tunge køyretøy i Indre Hornindal, men personbilar kan køyre om.

"Vestlandet":

Ber om fylkesnamn som ikkje provoserer naboane

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal med klar tale til Stortinget.

Sesongopning ved Strandafjellet skisenter

Fryda seg vilt i djupsnøen

Ring søkjer eigar:

Har du mista gifteringen din på ferja?

Mannskapet på M/F Sykkylvsfjord passar i tilfelle godt på den – men dei vil gjerne gi den tilbake!

Martine Lorgen Øvrebust

10.-plass på Beitostølen

Glatte vegar – også i Stranda:

– Køyr varsamt og etter forholda

Detaljregulering for skytebane på Stavseng

Feil gir høyringsfrist i desember