Førstegongstenesta kan bli på 16 månader

Førstegongstenesta kan utvidast til 16 månader i kompetansekrevjande stillingar, meiner landmaktutgreiinga.

I ein statusrapport som vart lagt fram måndag, gjekk brigader Arild Brandvik gjennom korleis Forsvaret bør sjå ut i framtida.

Mellom anna går utgreiinga inn for å leggje om førstegongstenesta.

– Det bør vurderast å differensiere lengda på førstegongstenesta. For personell i kompetansekrevjande stillingar bør ho utvidast til 16 månader, sa Brandvik.

Dette bør gjelde personell i reserveavdelingane i Hæren.

Personell i mindre kompetansekrevjande stillingar bør ha 12 månaders teneste, som i dag, og bør deretter overførast direkte til Heimevernet, blir det foreslått i utgreiinga.

– Ei utfordring kan vere at lengda på førstegongstenesta blir forskjellig. Somme vil gjennomføre ei førstegongsteneste på 16 månader og dermed få ein høgare belastning på kort sikt. Andre vil gjennomføre 12 månaders førstegongsteneste for deretter å gjennomføre resterande vernepliktstid i Heimevernet fram til fylte 44 år. Ordninga inneber likevel ingen endringar i tenestepliktlengda på 19 månader, heiter det.

(©NPK)

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

16 OECD-land brukar meir enn Noreg på offentleg velferd

Noreg toppar ikkje lista over kor stor del av BNP ulike land brukar på offentleg velferd. 16 OECD-land er før oss, ifølgje den danske fagforeininga 3F.

Statoil på verstingliste for klimagassutslepp

Ei gruppe investorar har plassert Statoil som einaste norske selskap på ei verstingliste for klimagassutslepp.

VG: Regjeringsforhandlingane startar 2. januar 

Forhandlingane om regjeringssamarbeid startar 2. januar, og fredag 19. januar er ein sannsynleg dato for at den nye regjeringa er klar, skriv VG.

Rentepanel: – Rentefesten vil vara lenge

Professor Ragnar Torvik meiner fallande bustadprisar og rekordhøg gjeldsbelasting hindrar Noregs Bank i å auka renta raskt eller mykje.

Fleire Anthon Berg-sjokoladar blir trekt frå butikkane

Godteriprodusenten Toms kallar tilbake ytterlegare fire Anthon Berg-produkt frå taxfreebutikkar i Noreg på grunn av funn av oransje plastbitar.

Tek i bruk anlegg for 4,9 mill kroner

Klar for ny sesong i Hyttehola

Hyttehola er eit fleirbruksanlegg til 4,9 millionar der idrettslaget og skyttarlaget i Sunnylven står skulder ved skulder.

Politiet i Møre og Romsdal

Brann og politi i same sentral

Tricia Boutté-Langlo:

Heidra svigerfaren med bursdagssong

Den amerikanske songarinna inviterte til julekonsert saman med Ytre Suløen i Stranda kyrkje søndag.