Fylkesmennene vil ta ut to ulveflokkar neste år

Både Osdalsflokken og Julussaflokken blir utrydda viss innstillinga til lisensjakt på ulv for neste år blir vedtatt.
innenriks

Fylkesmennene tilrår at det blir gitt fellingsløyve på 28 ulv neste år – 4 færre enn i år. Det endelege vedtaket er det rovviltnemndene i Hedmark, Oslo, Akershus og Østfold som skal gjere måndag 26. juni, fortel NRK.

Dei to flokkane som fylkesmennene meiner må takast ut, Osdalsflokken og Julussaflokken, har begge revir utanfor ulvesona. I innstillinga blir det ikkje gitt løyve til jakt på ulvar som har revir innanfor sona.

Flokkar som Slettås-, Kynna-, og Letjennaflokken blir dermed freda dersom innstillinga blir vedtatt.

Osdalsflokken og Julussaflokken skaper problem for beitenæringa og utmarksnæringa, og uttak av flokkane vil ikkje true overlevevinga til ulvebestanden eller bidra til at målet om årlege ynglingar ikkje blir nådd, meiner fylkesmennene.

– Eg trur dette kjem til å vekkje oppsikt, og at det blir like mykje rabalder som i fjor. Det er mange ulike omsyn som står mot kvarandre, seier Øyvind Solum, som er leiar for rovviltnemnda i Oslo, Akershus og Østfold.

Solum er òg fylkesleiar i Miljøpartiet Dei Grøne i Akershus.

Senterparti-politikar og leiar i rovviltnemnda i Hedmark Arnfinn Nergård er ikkje einig i at 28 ulvar er eit for høgt tal.

– Eg meiner det er konfliktdempande om vi har uttak innanfor sona, seier han.

(©NPK)