Opptur på Oslo Børs

Telenor og fleire andre bidrog til at hovudindeksen på Oslo Børs lyfte seg 1,10 prosent til 729,18 poeng måndag. Men Norske Skog-aksjen stupte.

Dagens mest omsette aksje var vinnaren Telenor, som gjekk opp 8,20 prosent. Statoil var nest mest omsett. Han gjekk ned 0,64 prosent.

Deretter følgde Norsk Hydro, Marine Harvest og DNB på omsetningslista. Alle selskapa auka i verdi med høvesvis 0,58, 1,91 og 0,94 prosent.

Dagens tapar blei Norske Skog, som fall med heile 21,13 prosent. Aksjen byrja å stupe då Oslo Børs opna måndag morgon etter at selskapet offentleggjorde fleire detaljar om forhandlingane med obligasjonseigarane, skriv DN.

To av dei tonegivande børsane i Europa var prega av svak nedgang fredag. CAC 40 i Paris gjekk ned 0,04 prosent og DAX 30 i Frankfurt gjekk ned 0,13 prosent. FTSE 100 i London gjekk opp 0,44 prosent.

Ved børsslutt måndag blei eit fat nordsjøolje omsett for 48,88 dollar, ein marginal nedgang på 0,02 prosent.

(©NPK)

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Kong Harald utskriven frå Rikshospitalet

Kong Harald vart måndag utskriven frå Rikshospitalet. Han er i fin form, opplyser Slottet.

Nedgang i skulefråværet, men rektorar bekymra for dei svakaste elevane

Fråværet har gått ned med 30 prosent sidan den nye fråværsgrensa på vidaregåande vart innført. Men i fleire fylke aukar delen elevar som fell ut av fag.

Anne Enger til Nobelkomiteen

Senterpartiet innstiller på at tidlegare partileiar Anne Enger skal ta plass som første varamedlem i Nobelkomiteen. 

Black Friday med grønt motsvar

Black Friday går av stabelen 24. november, og Virke anslår at nordmenn vil sprengje tidlegare kjøperekordar. Men igjen blir dagen møtt med eit grønt motsvar.

Fv 60 Hornindal-Hellesylt

Omfattande berging

Fylkesveg 60 er stengt for tunge køyretøy i Indre Hornindal, men personbilar kan køyre om.

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal med klar tale til Stortinget:

Ber om endring av fylkesnamnet "Vestlandet"

Sesongopning ved Strandafjellet skisenter

Fryda seg vilt i djupsnøen

Ring søkjer eigar:

Har du mista gifteringen din på ferja?

Mannskapet på M/F Sykkylvsfjord passar i tilfelle godt på den – men dei vil gjerne gi den tilbake!

Martine Lorgen Øvrebust

10.-plass på Beitostølen

Glatte vegar – også i Stranda:

– Køyr varsamt og etter forholda

Detaljregulering for skytebane på Stavseng

Feil gir høyringsfrist i desember