To av dei tiltalte i Søndre Land-saka ankar dommen

Mannen (36) som er dømt for drapet på Nils Olav Bakken, ankar dommen. Det same gjer 20-åringen som er dømt i same sak, medan det er ukjent kva mora gjer.

Kvinna og sonen hennar blei dømt til 19 års fengsel for medverknad til drapet på Nils Olav Bakken i september i fjor.

36-åringen har erkjent straffskuld, men har nekta for at drapet var planlagt. Han blir i dommen utpeikt som hovudmannen og ankar nå straffa.

– Dommen er allereie anka fordi vi meiner at det er snakk om eit forsettleg drap. Retten har komme til at det var planlagt, noko vi meiner det ikkje var, seier forsvararen til 36-åringen, Per Espen Eid, til NRK.

Kun lekamskrenking

Også 20-åringen ankar dommen. Forsvararen hans, Jacob Sanden Ringsrød, seier klienten hans berre er skuldig i lekamskrenking, ikkje drap, og at dommen ikkje speglar av det som faktisk har skjedd.

– Dommen er sjeldan svakt grunngjeven når det gjeld skuldspørsmålet. Det er trekt fram enkeltdelar av klienten min sine forklaringar som passar med skuld, seier Ringsrød til NTB.

Han kallar dommen ein konspirasjonsteori.

Det er førebels ukjent korleis kvinna (44) stiller seg til dommen. Det har ikkje lukkast NTB å komme i kontakt med forsvararen hennar, Arnor B. Ilstad, men ifølgje NRK vil han ikkje kommentere dommen.

Både mor og son nekta straffskuld under rettssaka i Gjøvik tingrett.

Fått svar

Sigurd Klomsæt, som er bistandsadvokat for broren til den drepne, seier straffa er streng.

– Men ho speglar av det alvoret som er i saka, seier han.

Han er ikkje overraska over at to av dei tiltalte ankar dommen.

– Eg har vore i kontakt med klienten min som vil få fram bodskapen at det berre er taparar i denne saka. Han og systera har fått svar på kva som har skjedd. Nå håpar eg ankesaka kjem fort opp, i alle fall før jul, seier han.

Med overlegg

Ifølgje domsslutninga blei drapet gjort med overlegg av alle dei tre tiltalte, noko som verka skjerpande på straffeutmålinga. Det same gjeld lidingane retten meiner dei tre påførte den avdøde.

Nils Olav Bakken blei knivstikke fleire gonger og sparka i hovudet, og så tent på medan han framleis levde.

– Retten ser det slik at drapet nærmast var ei rein avretting, heiter det i dommen.

36-åringen har fått strafferabatt fordi han tilstod drapet, medan retten meiner det ikkje er noko formildande omstende for kvinna og sonen hennar.

Ifølgje dommen ligg det eit hemnmotiv bak drapshandlinga. Dei tre tiltalte hevdar at dei oppsøkte den avdøde for å konfrontere han med eit påstått overgrep mot eit familiemedlem. Påstanden for alle dei tre tiltalte var 20 års fengsel.

Nils Olav Bakken (49) frå Dokka i Nordre Land blei funnen død og sterkt forbrent i eit bål ved ein skogsveg i Søndre Land i Oppland laurdag 3. september i fjor.

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

KrF scorar best hos Handikapforbundet

Etter ein gjennomgang av programma til alle parti konkluderer Norges Handikapforbund med at KrF i størst grad samstemmer med deira interesser.

Greenpeace protesterte mot oljeleiting i Barentshavet

Fem gummibåtar med Greenpeace-demonstrantar protesterte fredag mot leiteboringa Statoil gjer i Hoop-området i Barentshavet. Demonstrantar frå 19 land deltok. 

Mann stal lovsamling frå retten – må i fengsel

Ein mann er i Sogn og Fjordane tingrett dømt til åtte månader i fengsel for blant anna å ha knabba ei lovsamling frå Bergen tingrett.

Stoltenberg skildra frykt og avmakt på 22. juli

Seks år etter det verste massedrapet i Noreg i fredstid fortel Jens Stoltenberg og Utøya-overlevande Lara Rashid om sine kjensler og opplevingar den dagen.

Mattilsynet åtvarar mot giftige blåskjel 

Mattilsynet åtvarar mot å ete skjel plukka frå halvparten av deira kontrollstadar rundt om i landet i ei veke framover. 

Steinras frå Skafjellet i natt:

NVE: – Hald avstand frå fjellsidene

Har opna sommarutsal på Hellesylt

Denne sommaren sel ikkje Linda Fausa varer frå fjordane i Geiranger, men på Hellesylt. Ho fortel at ho var skeptisk til om det kom til å gå like bra, men seier at ho er positivt overraska.

Venstreleiar Trine Skei Grande og Pål Farstad (V)

Kjem på snarvisitt til Stranda

Turist frå London er imponert over Vestlandet:

– Konsekvent slåande natur

Hellesylt Hydrogen Hub

Dannar AS

Fleire aktørar går saman om å danne aksjeselskapet Hellesylt Hydrogen AS. Målet er å utnytte lokal kraftproduksjon.

For dyrt med landstraum for cruiseskip

Cruiseskip slepp ut store mengder klimagassar medan dei ligg til kai. Men løysinga som ville kutta utsleppa er for dyr.