Kristiansund tapte ankesaka om plassering av sjukehus

Kristiansund kommune tapte også i lagmannsretten saka mot Helse Midt-Noreg om plassering av det nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal.

Kommunen er i tillegg dømt til å betalte 280.000 kroner i sakskostnader. Dommen fall i Frostating lagmannsrett fredag, melder NRK.

– I det store bildet er helseføretaket frikjent, og det er sjølvsagt svært skuffande for oss, seier ordførar Kjell Neergaard i Kristiansund kommune.

Vil lese dommen

Ordføraren seier han vil bruke helga på å lese dommen grundig og ser ikkje vekk frå at saka kan bli anka til Høgsterett.

Advokaten til kommunen, Camilla Selman, ønskjer ikkje å kommentere saka. Det vil heller ikkje kommunikasjonsdirektør Tor Harald Haukås i Helse Midt-Noreg, som legg til at han vil vente til dommen er offentleg, noko som ifølgje NRK skjer via nettsidene til domstolane måndag.

Striden om nytt sjukehus i Møre og Romsdal har gått føre seg i fleire år. Etter at helseminister Bent Høie (H) i desember 2014 bestemte at det nye sjukehuset skal byggjast i Molde, gjekk Kristiansund kommune til sak mot staten.

– Lovleg fatta vedtak

Så seint som tysdag denne veka varsla statsminister Erna Solberg (H) at det kjem pengar på statsbudsjettet neste år til bygging av nytt sjukehus for Nordmøre og Romsdal på Hjelset i Molde kommune.

– Det vil bli løyvd pengar over statsbudsjettet for 2018 til bygging av nytt sjukehus på Hjelset i Molde kommune, slik at spaden kan stikkast i jorda neste år, sa Solberg til NTB.

Statsministeren avviste at tidspunktet for nyheita om pengar er eit forsøk på å påverke utfallet av striden som går for rettsapparatet.

– Tvert om er det vel heller slik at ein her prøver å bruke rettssystemet til å utsette eit lovleg fatta politisk vedtak. No fortener heile regionen at ein kjem vidare i ei sak som har vore vanskeleg i over ti år. Planlegginga må uansett gå sin gong. Det kan ikkje vere slik at ein bruker rettsstellet i Noreg til å utsette eit forbetra tilbod til heile befolkninga i regionen, sa Solberg.

Årelang strid

Bakgrunnen for at Kristiansund gjekk til sak mot staten ved Helse Midt-Noreg er at dei meiner det blei gjort fleire saksbehandlingsfeil i prosessen då det blei bestemt at det nye fellesjukehuset i Møre og Romsdal skulle liggje på Opdøl, 2 mil frå Molde sentrum og 5 mil frå Kristiansund sjukehus.

Det var i 2011 at Helse Nordmøre og Helse Sunnmøre blei slått saman. Same år gjekk regjeringa inn for eitt fellessjukehus for heile Møre og Romsdal, i staden for eitt i Kristiansund og eitt i Molde slik det var blitt vedtatt i 2006.

Etterspelet har vore prega av skuldingar frå alle kantar. Helseminister Bent Høie (H) var ein av fleire som måtte vitne då saka gjekk for tingretten i slutten av mai 2016. Han måtte da avvise alle påstandar som at han er ein del av ein samansverjing mot Kristiansund i sjukehuslokaliseringa. I tingretten blei Helse Midt-Noreg frifunne på alle punkt.

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

16 OECD-land brukar meir enn Noreg på offentleg velferd

Noreg toppar ikkje lista over kor stor del av BNP ulike land brukar på offentleg velferd. 16 OECD-land er før oss, ifølgje den danske fagforeininga 3F.

Statoil på verstingliste for klimagassutslepp

Ei gruppe investorar har plassert Statoil som einaste norske selskap på ei verstingliste for klimagassutslepp.

VG: Regjeringsforhandlingane startar 2. januar 

Forhandlingane om regjeringssamarbeid startar 2. januar, og fredag 19. januar er ein sannsynleg dato for at den nye regjeringa er klar, skriv VG.

Rentepanel: – Rentefesten vil vara lenge

Professor Ragnar Torvik meiner fallande bustadprisar og rekordhøg gjeldsbelasting hindrar Noregs Bank i å auka renta raskt eller mykje.

Fleire Anthon Berg-sjokoladar blir trekt frå butikkane

Godteriprodusenten Toms kallar tilbake ytterlegare fire Anthon Berg-produkt frå taxfreebutikkar i Noreg på grunn av funn av oransje plastbitar.

Tek i bruk anlegg for 4,9 mill kroner

Klar for ny sesong i Hyttehola

Hyttehola er eit fleirbruksanlegg til 4,9 millionar der idrettslaget og skyttarlaget i Sunnylven står skulder ved skulder.

Politiet i Møre og Romsdal

Brann og politi i same sentral

Tricia Boutté-Langlo:

Heidra svigerfaren med bursdagssong

Den amerikanske songarinna inviterte til julekonsert saman med Ytre Suløen i Stranda kyrkje søndag.