Gravferda til Frank Aarebrot blir sendt direkte

Fleire media sender direkte gravferda til professor Frank Aarebrot direkte. Gravferda blir i Korskyrkja i Bergen torsdag. Alle er elles velkomne i kyrkja.
innenriks

Frank Aarebrot døydde laurdag 9. september, 70 år gammal.

NRK, VG, Bergens Tidende, Bergensavisen, TV 2 og Dagbladet kjem til å senda gravferda direkte, NRK er ansvarleg for produksjonen.

I ånda til den folkekjære professoren blir alle ønskte velkomne til gravferda, opplyser familien i ei pressemelding. Arbeidarpartileiar Jonas Gahr Støre er blant dei som skal tala i gravferda.

Etter ønske frå Aarebrot og familien skal alle blomehelsingane fraktast vidare til ulike krigsminnemerke i Bergen etter seremonien. Alle er inviterte til samtale og samvær i aulaen i Universitetet i Bergen (UiB) etter gravferda.

– Dette kjem til å bli gjennomført i ånda til Frank, og vi lovar diskusjonar, skøy og deling av glade minne, opplyser familien.

Aarebrot arbeidde 40 år ved Institutt for samanliknande politikk, forfatta ei rekkje bøker og lét etter seg to barn.

(©NPK)