Mann død etter drukning på Hareid i Møre og Romsdal

Ein mann i 60-åra er død etter å ha falle i sjøen ved ferjekaia på Hareid i Møre og Romsdal.

Helsepersonell på staden erklærte mannen død etter å ha henta han opp av vatnet, opplyser politiet på Twitter. Det er ingenting som tyder på at drukninga kjem av noko anna enn eit uhell, ifølgje politiet i Møre og Romsdal.

– Vi fekk melding rundt 15.15 onsdag om at ein mann var observert i sjøen. Det blei gjort forsøk på gjenoppliving, seier operasjonsleiar John Kåre Flo til NTB.

Politiet undersøkjer mellom anna overvakingsbilete på staden for å avklara korleis hendinga har gått føre seg.

(©NPK)

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Nedgang i skulefråværet, men rektorar bekymra for dei svakaste elevane

Fråværet har gått ned med 30 prosent sidan den nye fråværsgrensa på vidaregåande vart innført. Men i fleire fylke aukar delen elevar som fell ut av fag.

Russen får ikkje nyte medteken alkohol på russetreff

Helsedirektoratet presiserer at russen ikkje kan nyte medteken alkohol på russetreff. Hensikta er å hindre overstadig rus og uønskte hendingar.

Anne Enger til Nobelkomiteen

Senterpartiet innstiller på at tidlegare partileiar Anne Enger skal ta plass som første varamedlem i Nobelkomiteen. 

Black Friday med grønt motsvar

Black Friday går av stabelen 24. november, og Virke anslår at nordmenn vil sprengje tidlegare kjøperekordar. Men igjen blir dagen møtt med eit grønt motsvar.

Fv 60 Hornindal-Hellesylt

Omfattande berging

Fylkesveg 60 er stengt for tunge køyretøy i Indre Hornindal, men personbilar kan køyre om.

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal med klar tale til Stortinget:

Ber om endring av fylkesnamnet "Vestlandet"

Sesongopning ved Strandafjellet skisenter

Fryda seg vilt i djupsnøen

Ring søkjer eigar:

Har du mista gifteringen din på ferja?

Mannskapet på M/F Sykkylvsfjord passar i tilfelle godt på den – men dei vil gjerne gi den tilbake!

Martine Lorgen Øvrebust

10.-plass på Beitostølen

Glatte vegar – også i Stranda:

– Køyr varsamt og etter forholda

Detaljregulering for skytebane på Stavseng

Feil gir høyringsfrist i desember