Norske SAS-flygarar får støtte frå nordiske kollegaer

Norske SAS-pilotar får full støtte frå kollegaer i Sverige og Danmark. Svenske pilotar seier dei kjenner att mediestrategien til SAS frå konflikten sin i fjor.

355 norske pilotar går ut i streik midnatt dersom det ikkje blir ei ny utvikling i saka. Meklinga mellom SAS og flygarane blei broten måndag, men partane sit onsdag ettermiddag i møte hos riksmeklar Nils Dalseide.

Dei norske SAS-pilotane får no full støtte frå både dei danske og svenske pilotane i SAS-systemet.

Også Svensk Pilotförening uttrykkjer støtte til dei norske pilotane.

– Vi var i ein liknande arbeidsmarknadskonflikt i 2016 og kjenner oss att i store deler av mediebiletet rundt vilkåra til SAS-pilotane i Noreg. Den sentrale arbeidsgjevarorganisasjonen, denne gongen i Noreg, står også i denne konflikten for skittkasting med falske opplysningar rundt kvardagen til pilotane med mål om å få befolkninga til å setja spørsmålsteikn ved rettane til pilotane, skriv leiar Martin Lindgren i ei pressemelding.

– SPF meiner dette er ein høgst medviten og langsiktig mediestrategi som er heilt på linje med korleis arbeidsgjevarorganisasjonar dei siste åra har utfordra den skandinaviske modellen og rettane til arbeidstakarane, skriv Lindgren.

I ein uttale på Facebook-sida til Dansk Pilotforening heiter det: «Formannen har ikke uttalt seg om kravene våre norske kolleger stiller. Vi støtter naturligvis de norske pilotene i deres lovlige konflikt.»

– Vi har alltid visst at vi har hatt støtte frå dei danske pilotkollegaene våre, og er svært glade for det, seier Jens Lippestad og Jan Levi Skogvang, forhandlingsleiarar for SAS-pilotane i Norsk Flygerforbund og Parat, i ein kommentar til Dagens Næringslivs artikkel onsdag om at danske SAS-pilotar går ut mot dei norske kollegaene sine.

– Dette skaper eit inntrykk av at danske pilotar ikkje støttar streiken til dei norske pilotane. Dette er ikkje rett, seier Lippestad og Skogvang.

(©NPK)

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Framgang på Oslo Børs

Hovudindeksen på Oslo Børs er tilbake over 800-grensa og enda på 800,22 måndag. Indeksen steig med 0,51 prosent gjennom dagen.

Frp risikerer at Hagen får motkandidat til Nobelkomiteen 

Stortinget ber Framstegspartiet finna ein annan kandidat enn Carl I. Hagen til Nobelkomiteen. Frp risikerer at det blir stilt motkandidat mot partinestoren .

Budsjettfristen ryk – igjen 

Heller ikkje i haust klarar dei fire partia på borgarleg side å bli samde om budsjettet innan den sjølvpålagde fristen, måndag kveld.

Presidentskapet held møte om nobelkandidaturet til Hagen

Også KrF er skeptisk til at Frp-nestor Carl I. Hagen skal få plass i Nobelkomiteen. Høgre vil førebels ikkje tona flagg i saka.

Fv 60 Hornindal-Hellesylt

Omfattande berging

Fylkesveg 60 er stengt for tunge køyretøy i Indre Hornindal, men personbilar kan køyre om.

"Vestlandet":

Ber om fylkesnamn som ikkje provoserer naboane

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal med klar tale til Stortinget.

Sesongopning ved Strandafjellet skisenter

Fryda seg vilt i djupsnøen

Ring søkjer eigar:

Har du mista gifteringen din på ferja?

Mannskapet på M/F Sykkylvsfjord passar i tilfelle godt på den – men dei vil gjerne gi den tilbake!

Martine Lorgen Øvrebust

10.-plass på Beitostølen

Glatte vegar – også i Stranda:

– Køyr varsamt og etter forholda

Detaljregulering for skytebane på Stavseng

Feil gir høyringsfrist i desember