Nyvald Oslo-biskop vil spegla mangfaldet i byen 

Bymisjonsprest Kari Veiteberg er vald til ny biskop i Oslo. For første gong er det like mange kvinner som menn blant biskopane. 
innenriks

Den nye biskopen blei vald med 11 av 15 stemmer under møtet til Kyrkjerådet onsdag.

– Vi gratulerer Kari Veiteberg som ny biskop i Oslo bispedømme, og vi gratulerer bispedømmet og Den norske kyrkja med ein ny biskop. Ho har eit breitt votum i ryggen og er sterkt ønskt som biskop. Dette er ein historisk dag for Den norske kyrkja. For første gong har vi like mange kvinner som menn blant biskopane, seier leiar i Kyrkjerådet, Kristin Gunleiksrud Raaum i ei pressemelding.

Skjelven og glad

Kari Veiteberg tiltrer stillinga i desember.

– Eg ønskjer å vidareføra arbeidet som er gjort i bispedømmet. Som biskop håpar eg å spegla mangfaldet i Oslo, seier Veiteberg til Vårt Land. Ho fortel at ho blei skjelven og glad då ho fekk meldinga om at ho blei stemt fram blant dei tre kandidatane.

– Mange i bispedømmet og i verda elles meiner og tenkjer ulikt. Vi skal øva oss på å vera trygge saman, snakka godt om og til kvarandre og å feira gudstenester saman, seier den nyvalde biskopen.

– Erfaring med gatemiljø

56 år gamle Veiteberg er bymisjonsprest ved Bymisjonssenteret Tøyenkirken. Ho er utdanna ved det teologiske fakultetet i Oslo. Arbeidsplassen gratulerer henne med utnemninga og meiner arbeidserfaringa hennar med menneske i utsette livssituasjonar, ofte nær gata, blir viktig dei komande åra.

– Det er viktig at ein med erfaring frå det sosiale arbeidet til kyrkja no blir biskop. Vi trur diakonien – den handlande omsorga – vil gje kyrkja truverd og brei kontaktflate i eit fleirkulturelt Oslo i åra som kjem, seier generalsekretær i Kirkens Bymisjon, Adelheid Firing Hvambsal.

Oslo SV legg vekt på dei same kvalitetane hos den nye biskopen i gratulasjonen sin.

– Oslo er ein delt by med store forskjellar. Eg er svært glad for at hovudstaden får ein biskop som i mange år har stått skulder ved skulder med dei som livet har behandla hardt, skriv gruppeleiar i Bystyret og leiar i Oslo SV, Sunniva Holmås Eidsvoll.

Lovord frå Kvarme

Dei andre aktuelle kandidatane var Anne-May Grasaas og Sturla Johan Stålsett.

Avtroppande Ole Christian Kvarme har vore biskop i Oslo bispedømme sidan 2005. Søndag 3. september var det avskilsgudsteneste for han i Oslo domkyrkje.

– Med Kari får Oslo ein biskop som kjenner folket på gatene i byen vår. Kari er ein dyktig teolog. Ho er ein inspirator og ein varm forkynnar, skriv Kvarme i ei pressemelding.