Opptur på Oslo Børs

Hovudindeksen på Oslo Børs løfta seg 0,67 prosent onsdag og låg på 761,44 poeng då handelen blei avslutta. Norske Skog-aksjen stupte kort tid etter opning.

Statoil-aksjen blei den mest omsette onsdag med ein oppgang på 1,87. Norsk Hydro blei den nest mest omsette onsdag, men aksjen fall 0,68 prosent. DNB, Telenor og Marine Harvest enda alle dagen i grønt, med høvesvis 1,44 prosent, 0,99 prosent og 0,65 prosent opp. Yara International fall med 1,28 prosent og Golden Ocean Group fall med 3,79 prosent.

Norske Skog-aksjen stupte over 74 prosent til 0,23 kroner per aksje dei første seks minutta av handelen onsdag. Tysdag kom nyheita om at kreditorar tel kontrollen over dei sju fabrikkane til selskapet. Utover dagen stabiliserte aksjen seg og enda med eit fall på 43,33 prosent.

I Frankfurt løfta DAX-indeksen seg 0,26 prosent, CAC-indeksen i Paris gjekk opp 0,28 prosent, mens FTSE-indeksen i London fall så vidt med 0,04 prosent.

Eit fat nordsjøolje blei onsdag ettermiddag omsett for 54,52 dollar, ein auke på 0,46 prosent, og eit fat amerikansk lettolje blei omsett for 48,72 dollar, 1,02 prosent opp.

(©NPK)

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Kong Harald utskriven frå Rikshospitalet

Kong Harald vart måndag utskriven frå Rikshospitalet. Han er i fin form, opplyser Slottet.

Nedgang i skulefråværet, men rektorar bekymra for dei svakaste elevane

Fråværet har gått ned med 30 prosent sidan den nye fråværsgrensa på vidaregåande vart innført. Men i fleire fylke aukar delen elevar som fell ut av fag.

Anne Enger til Nobelkomiteen

Senterpartiet innstiller på at tidlegare partileiar Anne Enger skal ta plass som første varamedlem i Nobelkomiteen. 

Black Friday med grønt motsvar

Black Friday går av stabelen 24. november, og Virke anslår at nordmenn vil sprengje tidlegare kjøperekordar. Men igjen blir dagen møtt med eit grønt motsvar.

Fv 60 Hornindal-Hellesylt

Omfattande berging

Fylkesveg 60 er stengt for tunge køyretøy i Indre Hornindal, men personbilar kan køyre om.

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal med klar tale til Stortinget:

Ber om endring av fylkesnamnet "Vestlandet"

Sesongopning ved Strandafjellet skisenter

Fryda seg vilt i djupsnøen

Ring søkjer eigar:

Har du mista gifteringen din på ferja?

Mannskapet på M/F Sykkylvsfjord passar i tilfelle godt på den – men dei vil gjerne gi den tilbake!

Martine Lorgen Øvrebust

10.-plass på Beitostølen

Glatte vegar – også i Stranda:

– Køyr varsamt og etter forholda

Detaljregulering for skytebane på Stavseng

Feil gir høyringsfrist i desember