SAS innstiller 100 avgangar på grunn av mogleg streik

Mens SAS og dei streikande pilotane prøver å unngå ei dramatisk opptrapping av streiken frå torsdag, innstiller selskapet 100 flygingar for å vera føre var.

– På grunn av ei eventuell opptrapping av streiken har SAS teke forholdsreglar og kansellert ca. 100 flygingar i morgon fram til klokka 14, torsdag 14. september, opplyser selskapet på nettsidene sine.

Det er innanlandstrafikken som blir hardast ramma av førebuingane til selskapet – SAS-fly med svenske og danske flygarar blir ikkje ramma. Det gjer heller ikkje charterflygingar og ruter som partnarane til SAS opererer her i landet.

Partnarane opererer ei rekkje mindre ruter, og blir altså ikkje ramma, ifølgje mediesjef Knut Morten Johansen.

Sjekk sjølv på nettet

– Det er eit ganske komplisert bilete, og difor heilt avgjerande at dei reisande sjekkar status for flygingane sine sjølv, seier Johansen til NTB.

Reisande som har billett med fly som blir innstilt ved ein eventuell streik, blir varsla på SMS, lovar SAS. Du kan dessutan besøkja denne sida, skriva inn nummer på flyavgangen og sjekka status for flyginga di. På denne sida kan du dessutan sjekke kva SAS-flygingar som går som normalt i perioden 14. til 18. september.

SAS tilbyr passasjerar som reiser til, frå, via eller innanlands i Noreg å endra billettane sine gratis.

Tusenvis blir ramma

Pilotane til SAS i Noreg sit onsdag kveld i møte med arbeidsgjevaren hos riksmeklar Nils Dalseide for å sjå om det finst ein veg ut av konflikten. Berre to pilotar er tekne ut i streik så langt, men Norsk Flygerforbund og ScanNor Flygeforening har varsla at streiken blir trappa opp med høvesvis alle og halvparten av medlemmene til foreininga frå torsdag av.

Det vil seia at om partane ikkje blir einige, vil heile 355 pilotar vera i streik frå og med torsdag. Mange tusen reisande blir ramma viss streiken blir trappa opp.

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Kong Harald utskriven frå Rikshospitalet

Kong Harald vart måndag utskriven frå Rikshospitalet. Han er i fin form, opplyser Slottet.

Nedgang i skulefråværet, men rektorar bekymra for dei svakaste elevane

Fråværet har gått ned med 30 prosent sidan den nye fråværsgrensa på vidaregåande vart innført. Men i fleire fylke aukar delen elevar som fell ut av fag.

Anne Enger til Nobelkomiteen

Senterpartiet innstiller på at tidlegare partileiar Anne Enger skal ta plass som første varamedlem i Nobelkomiteen. 

Black Friday med grønt motsvar

Black Friday går av stabelen 24. november, og Virke anslår at nordmenn vil sprengje tidlegare kjøperekordar. Men igjen blir dagen møtt med eit grønt motsvar.

Fv 60 Hornindal-Hellesylt

Omfattande berging

Fylkesveg 60 er stengt for tunge køyretøy i Indre Hornindal, men personbilar kan køyre om.

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal med klar tale til Stortinget:

Ber om endring av fylkesnamnet "Vestlandet"

Sesongopning ved Strandafjellet skisenter

Fryda seg vilt i djupsnøen

Ring søkjer eigar:

Har du mista gifteringen din på ferja?

Mannskapet på M/F Sykkylvsfjord passar i tilfelle godt på den – men dei vil gjerne gi den tilbake!

Martine Lorgen Øvrebust

10.-plass på Beitostølen

Glatte vegar – også i Stranda:

– Køyr varsamt og etter forholda

Detaljregulering for skytebane på Stavseng

Feil gir høyringsfrist i desember