Norsk presse svarar på Jaglands valdekningutspel 

Europarådets generalsekretær Thorbjørn Jagland er bekymra for at norsk presse kan ha prøvd å påverke valutfallet. Oppsiktsvekkjande utspel, svarar pressa.

I ein Facebook-status skriv den tidlegare Ap-leiaren at det er forhold ved valet i Noreg som bekymrar han «frå eit demokratisk utgangspunkt».

«Nemleg alle sakene mot Aps leiar som plutseleg dukka opp i valkampen. Dersom det er slik at mediehus kjende til desse sakene lenge før valet, men venta med å legge dei ut til valkampen, blir det ein direkte intervensjon i valet og eit demokratisk problem. Media har ei plikt til å bringe ei nyheit straks den kjem i deira hender, ikkje vente til når det passar best», skriv han.

Jagland påpeikar at han arbeider mykje med mediespørsmål som generalsekretær i Europarådet.

«Angrep på mediefridomen frå styresmakter er ei av våre største bekymringar. Men falske nyheiter, vridde reportasjar, og politisk bereknande reportasjar bekymrar oss også veldig mykje», skriv han.

Generalsekretær Arne Jensen i Norsk Redaktørforening seier til Nettavisen at han ikkje har noka tru på det han kallar Jaglands lett konspirasjonsteoretiske tilnærming.

– Det er litt oppsiktsvekkjande at ein generalsekretær i Europarådet kjem med slike utsegner. Jagland bør vere meir bekymra for at ein statsministerkandidat brukte advokatar for å stanse ein kritisk reportasje i NRK, seier han.

Generalsekretær Elin Floberghagen i Norsk Presseforbund er også kritisk til Jaglands kritikk og påpeikar at den er for generell.

– Han bør konkretisere meir og vise til eksempel. Kva medium meiner han har gått for langt, kven har tråkka over streken? Påstandar om falske nyheiter er ein ganske heftig påstand, seier ho.

(©NPK)

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Dag Terje Andersen vikar for Tajik utan drama

Dag Terje Andersen (Ap) synest det er heilt udramatisk å gi frå seg vervet som talsperson for arbeids- og sosialpolitikk til Ap-nestleiar Hadia Tajik.

Forbrukarar får betre vern ved pakkereiser dei sjølv set saman

Eit nytt pakkereisedirektiv blei fredag innlemma i EØS-avtalen, og gir forbrukarane betre vern ved bestilling av pakkereiser dei sjølv set saman.

Norske jagarfly følgde russiske bombefly ved Tromsø

Forsvaret stadfestar at norske F16-jagarfly onsdag identifiserte og følgde russiske bombefly nordvest for Tromsø, skriv Aldrimer.no.

Kringkastingssjefen blir meld til politiet for dab-innføring

Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen blir meld til politiet for innføringa av dab. Anmeldaren kallar innføringa eit nasjonalt overgrep.

Nyheitsbyrå: Norwegian vil kjøpe opp britisk lågprisselskap

Norwegian er i samtalar med det britiske Monarch Airlines om å kjøpe opp heile eller deler av selskapet, opplyser kjelder til Press Association.

Demensaksjonen 2017

- Ta godt imot oss!

Klasse 10A ved Stranda ungdomsskule oppmodar strandarane til å ha godt med kontantar når dei i helga kjem på døra.

Sunnylven

Sunnmørsstemne i helga

Hellesylt Ungdomslag arrangerer Sunnmørsstemnet for barn i helga.

Kommunestyret

Ny viltnemd i Stranda

Kommunestyret i Stranda vedtok i ettermiddag samrøystes ny viltnemd.

Sjukefråværet andre kvartal 2017

Stabilt sjukefråvær i fylket

Forvaltningsplan for rovvilt

Vil ha bort jerven