Dale provoserer med å fjerna støtta til 33 organisasjonar

Landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) vil fjerna støtta til ei rekkje organisasjonar frå nyttår. Berre 4H åleine vil tapa meir enn 7 millionar kroner.

– På grunn av eit stramt budsjett har vi måtta prioritera strengt, seier Dale.

I budsjettforslaget kuttar han overføringane over budsjettet til Landbruksdepartementet til meir enn 30 ulike organisasjonar. Til saman er det snakk om meir enn 30 millionar kroner.

Dei som blir ramma er mellom anna 4H, NOAH, Dyrevernalliansen, Det norske skogselskap, Folkeaksjonen ny rovdyrpolitikk, Hageselskapet, Norges Vel, Norske lakseelver, Norges Bygdekvinnelag, Oikos – Økologisk Norge og Geitmyra matkultursenter, som blir drive av kjendiskokken Andreas Viestad.

Venstre reagerer

Også Norges Bygdeungdomslag – der Venstre-leiar Trine Skei Grande har vore generalsekretær – misser meir enn 2 millionar kroner i støtte. Grande har elles også vore styremedlem og nestleiar i 4H.

– Venstre reagerer sterkt på dette. Kutta verkar svært lite gjennomtenkt. Sjølv om du reint ideologisk skulle meina at organisasjonar som dette burde klara seg utan statstilskot, så kan du ikkje kutta tilskot over natta. Konsekvensane vil bli alvorlege for mange av desse organisasjonane, seier finanspolitisk talsperson Terje Breivik i Venstre til NTB.

Han varslar at saka vil bli teken opp i budsjettforhandlingane med regjeringa.

– Vi ser eit lite mønster her, der enkelte fagstatsrådar systematisk har funne midlar til sine ting ved å kutta i løyvingar som dei veit er viktige for Venstre, seier han.

– Bør skje sjølvstendig

I budsjettdokumentet frå Landbruksdepartementet heiter det at løyvingane i stor grad har vore ei vidareføring av støtte til dei same organisasjonane.

– Dette har gjeve mindre rom for nye organisasjonar til å få støtte. På den måten har ikkje ordninga bidrege til å fremja større mangfald av organisasjonar og meir frivillig innsats, heiter det.

Departementet til Dale slår vidare fast at drifta av frivillige organisasjonar bør skje sjølvstendig, og ikkje vera avhengig av årlege statlege overføringar.

Leiar i Senterpartiet Trygve Slagsvold Vedum er like opprørt som Venstre og viser til at regjeringa i budsjettforslaget har funne rom for å støtta fleire andre organisasjonar, mellom anna omstridde Human Rights Service.

– Eg synest det er fullstendig uansvarleg av ein statsråd å kutta all støtte frå 1. januar. Han knekkjer ryggen på ei rekkje organisasjonar med lange tradisjonar, som har gjort viktig arbeid på vegner av departementet i mange år. Det er heilt uhøyrt, seier Vedum.

4H skriv på nettsida si at regjeringa struper rekrutteringa til landbruket med forslaget.

– Regjeringa viser total mangel på forståing av frivillige organisasjonar når dei trur at ein organisasjon blir meir fri og sjølvstendig av å få mindre statlege pengar. Alternativet til statleg organisasjonsstøtte som blir gjeven på bakgrunn av drift er tidkrevjande sponsor- eller prosjektstøtte som krev motytingar ofte litt på sida av samfunnsoppdraget vårt, og dyrare aktivitetar og kontingent som gjer det endå vanskelegare å inkludera alle barn og unge, skriv Signe Lindbråten, generalsekretær i 4H Norge.

(©NPK)

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Død person funnen i tjern i Os i Hordaland

Ein død person er funnen i Banktjørna i Os i Hordaland. Politiet har mistanke om at det dreier seg om ein sakna 29-åring.

Riggselskap permitterer 160 tilsette

Riggselskapet Dolphin Drilling legg riggen Bideford Dolphin i opplag og permitterer med det 160 tilsette. Selskapet trur likevel på nye kontraktar.

Beste dag sidan 1. september på Oslo Børs

Hovudindeksen på Oslo Børs gjekk opp med 0,94 prosent til 794,88 poeng før handelen vart avslutta før helga. Det er det beste dagsresultatet på sju veker.

Fredriksen kjøper seg opp i Sparebank 1

Skipsreiar John Fredriksen har kjøpt seg kraftig opp i Sparebank 1 Nord-Noreg. Gjennom selskapet Geveran Trading er han no den åttande største eigaren.

Riksadvokaten: Politiet gjorde ikkje noko straffbart i narkovarsel-saka

Riksadvokaten frikjenner både Vest politidistrikt og enkeltpersonar i narkotikavarslarsaka i Bergen.

Legekontoret på Hellesylt

Sender saka til HOK

Ørnesvingen

Utforkøyring i Geiranger

Politiet melder litt over klokka fire laurdag ettermiddag om ei utforkøyring i Geiranger, i nærleiken av Ørnesvingane.

Ruteheftene i fylket

Vil kutte ut papiret

Breidbandsutbygging i Stranda

Avslag frå NKOM

Meteorsverm på himmelen

Orionidene synleg i helga

Reguleringsplan for Lien Hyttegrend

Eigengodkjend for andre gong

Kommunestyret vedtok mot to stemmer igjen å eigengodkjenne reguleringsplanen for Lien Hyttegrend. Det førre vedtaket vart oppheva av Fylkesmannen.

– Bli bøssebærar

– Meld dykk som bøssebærarar, er den klare oppmodinga frå aksjonskomiteen for TV-aksjonen.