Dramatisk Eit kutt på 19 mill. kroner er dramatisk for lokalaviser.

Dramatisk Eit kutt på 19 mill. kroner er dramatisk for lokalaviser.

Kraftige reaksjonar på kutt i pressestøtta

NRK-lisensen blir 108 kroner dyrare neste år, samtidig blir pressestøtta kutta. Det siste skaper sterke reaksjonar.

Regjeringa vil kutta pressestøtta med 25,7 millionar kroner. Samtidig skal det setjast av 7 millionar til ei ny innovasjonsretta tilskotsordning i 2018. Det inneber eit nettokutt i den direkte pressestøtta på 18,7 millionar kroner, går det fram av budsjettforslaget til regjeringa for 2018.

Både Journalistlaget og Redaktørforeningen karakteriserer kutta som dramatiske.

– Eit netto kutt på nesten 19 millionar i mediestøtta er dramatisk, og heilt feil retning i mediepolitikken. Vi er skuffa over at regjeringa, år etter år, fremjar desse forslaga, i ei tid der media meir enn alt treng hjelp for å koma gjennom ein kraftig transformasjon, seier generalsekretær Arne Jensen i Redaktørforeningen til fagbladet Journalisten.

– Vi er både overraska og svært skuffa over at regjeringa føreslår å kutta i pressestøtta. Dette er eit uforsvarleg svar frå regjeringa på utfordringane til bransjen, seier leiar i Journalistlaget Hege Iren Frantzen.

Blir retta mot lokalaviser

Den nye tilskotsordninga kulturministeren vil innføra, skal særleg rettast mot journalistisk innovasjon og digitalisering hos lokalaviser.

– Lokalavisene fyller ein viktig funksjon for lokaldemokratiet. Samtidig er det krevjande for små aviser med avgrensa ressursar å klara overgangen til ein digital mediekvardag, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland (H).

Ifølgje Landslaget for lokalaviser (LLA) kan den nye innovasjonsstøtta på 7 millionar ikkje vega opp for manglande løft i produksjonstilskotet.

– Lokalavisene blir skjerma, men utan inflasjonsjustering er dette i praksis kutt for femte året på rad. Dette er svært skuffande, skriv LLA i ein uttale.

Burde vore friske midlar

Administrerande direktør Randi S. Øgrey i Mediebedriftenes Landsforening (MBL) seier at det er positivt med ei innovasjonsordning, men at det burde vore friske midlar.

– Når kulturministeren endeleg føreslår eit tiltak, er det skuffande at det handlar om å flytta på pengar som allereie er tildelt media. Det er vanskeleg å forstå at regjeringa føreslår å kutta 25,7 millionar i produksjonstilskotet når Mediemangfaldsutvalet var svært tydeleg på at situasjonen krev auka innsats, seier Øgrey.

MBL-leiaren seier at det er eit paradoks at mens pressestøtta blir kutta med 25,7 millionar kroner, blir NRK-lisensen auka.

– Det er vanskeleg å sjå at dette fremjar norsk mediemangfald, seier Øgrey.

I forslaget til statsbudsjett blir det føreslege å setja kringkastingsavgifta til 2.976 kroner neste år, inkludert moms, mot 2.868 kroner i år. Men fordi momsen samtidig blir auka frå 10 til 12 prosent, blir auken NRK får, berre på 50 kroner. Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen hadde på førehand bede om ein lisensauke på 55 kroner.

Håpa på nullmoms

Også i Fagpressen er det vonbrot. Administrerande direktør Per Brikt Olsen i Fagpressen seier til Medier24 at han hadde store forventningar til at det også blei nullmoms for digitale produkt, men det har ikkje regjeringa lagt opp til no.

– Det var kanskje ikkje den største overraskinga, for vi har ikkje fått altfor mange signal på at dei ville koma med ei endring. Men det var opplagt at dei hadde høve til det, men greip det heller ikkje no, og det er vi skuffa over, seier Olsen.

(©NPK)

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Oljeprisen løfta Oslo Børs

I takt med stigande oljepris løfta fleire av dei oljerelaterte aksjane seg på Oslo Børs måndag. Hovudindeksen steig til slutt 0,66 prosent til 791,88 poeng.

Mot fleirtal for å ta olje og gass ut av oljefondet 

Det kan gå mot fleirtal på Stortinget for Norges Banks råd om at oljefondet sel seg ut av olje- og gassaksjar.

Solberg sponsar Nobel-feiringa med friske kroner

Statsminister Erna Solberg (H) droppa applausen under delar av Nobel-foredraget, men blar opp friske pengar til feiringa. 

Innstiller Drevland som nytt medlem av Kringkastingsrådet

Måndag innstilte Stortingets valkomité tidlegare bergensordførar Trude Drevland som ny medlem av Kringkastingsrådet.

Listhaug med 26 spørsmål til Stortingets returstans

Innvandringsminister Sylvi Listhaug (Frp) har heile 26 konkrete spørsmål til stortingsvedtaket om returstopp til Afghanistan. Smørbrødlista kan bli lengre. 

Tricia Boutté-Langlo:

Heidra svigerfaren med bursdagssong

Den amerikanske songarinna inviterte til julekonsert saman med Ytre Suløen i Stranda kyrkje søndag.

Gerhard B. Relling med minne frå Stranda

Leiken etter snøfall på 1960-talet

Problem i trafikken

Snøkava held fram