Noreg og Russland samde om kvoteavtale

Noreg og Russland har blitt samde om ein ny kvoteavtale for 2018. Avtalen sikrar endå eit år med høg torskekvote.

– Eg er glad for at det også for 2018 er semje mellom Noreg og Russland om ein fiskeriavtale som sikrar ei berekraftig hausting av fiskeressursane i Barentshavet, seier fiskeriminister Per Sandberg (Frp) i ei pressemelding.

Noreg og Russland har blitt samde om kvotar på torsk, hyse, lodde, blåkveite og snabeluer, i tillegg til betre vilkår for gjennomføring av fiskeriforskingstokt i sonene til kvarandre.

Den totale torskekvoten for neste år blei sett til 775.000 tonn, og han blir fordelt mellom Noreg, Russland og tredjeland. Avtalen blei signert i Kazan i Russland torsdag.

(©NPK)

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Død person funnen i tjern i Os i Hordaland

Ein død person er funnen i Banktjørna i Os i Hordaland. Politiet har mistanke om at det dreier seg om ein sakna 29-åring.

Riggselskap permitterer 160 tilsette

Riggselskapet Dolphin Drilling legg riggen Bideford Dolphin i opplag og permitterer med det 160 tilsette. Selskapet trur likevel på nye kontraktar.

Beste dag sidan 1. september på Oslo Børs

Hovudindeksen på Oslo Børs gjekk opp med 0,94 prosent til 794,88 poeng før handelen vart avslutta før helga. Det er det beste dagsresultatet på sju veker.

Fredriksen kjøper seg opp i Sparebank 1

Skipsreiar John Fredriksen har kjøpt seg kraftig opp i Sparebank 1 Nord-Noreg. Gjennom selskapet Geveran Trading er han no den åttande største eigaren.

Riksadvokaten: Politiet gjorde ikkje noko straffbart i narkovarsel-saka

Riksadvokaten frikjenner både Vest politidistrikt og enkeltpersonar i narkotikavarslarsaka i Bergen.

Legekontoret på Hellesylt

Sender saka til HOK

Ørnesvingen

Utforkøyring i Geiranger

Politiet melder litt over klokka fire laurdag ettermiddag om ei utforkøyring i Geiranger, i nærleiken av Ørnesvingane.

Ruteheftene i fylket

Vil kutte ut papiret

Breidbandsutbygging i Stranda

Avslag frå NKOM

Meteorsverm på himmelen

Orionidene synleg i helga

Reguleringsplan for Lien Hyttegrend

Eigengodkjend for andre gong

Kommunestyret vedtok mot to stemmer igjen å eigengodkjenne reguleringsplanen for Lien Hyttegrend. Det førre vedtaket vart oppheva av Fylkesmannen.

– Bli bøssebærar

– Meld dykk som bøssebærarar, er den klare oppmodinga frå aksjonskomiteen for TV-aksjonen.