Statsvitar: – Umogleg å vita kor Venstre hoppar

Venstre er eit så uføreseieleg parti at det er umogleg å vita kor det landar i spørsmålet om regjeringsdeltaking, meiner statsvitar Marcus Buck.

Dei overvegande positive signala frå Venstre til budsjettforslaget til regjeringa torsdag har gjeve ny næring til spekulasjonane om partiet no kjem til å gå inn i Solberg-regjeringa.

Instituttleiar Marcus Buck ved Institutt for samfunnsvitskap ved Universitetet i Tromsø meiner det førebels er heilt umogleg å vita. Nettopp fordi det er snakk om Venstre.

– Hadde det vore eit anna parti, så ville ein kunna seia noko meir sikkert kva som var å venta, men med Venstre veit ein aldri, seier Buck til NTB.

Han forklarer det med ståstaden til Venstre som eit grunnleggjande liberalt parti.

– Her er det stor takhøgd, og meiningane sprikjer i alle retningar, i motsetnad til dømes i Arbeidarpartiet, der det nesten ikkje finst noko takhøgd, ifølgje Buck.

Solberg uttalte under trontaledebatten onsdag at regjeringspartia og Venstre er samde om at dei skal halda fram samtalane om eventuelle samarbeidsformer framover.

– Det kjem vi eventuelt til å konkludera med, viss vi blir einige. Om det betyr regjeringsdeltaking for eit ekstra parti, eller om det betyr vidare samarbeid i Stortinget, blir å sjå, uttalte Solberg.

Fleire parti har kritisert henne for at prosessen var uryddig.

– Det verkar som vi har ei regjering utan ein plan. Ei regjering som mens dei ventar på at Venstre skal bestemme seg – berre flyt vidare og håpar at det skjer noko etter jul, sa parlamentarisk leiar i Senterpartiet Marit Arnstad under debatten.

(©NPK)

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Mot fleirtal for å ta olje og gass ut av oljefondet 

Det kan gå mot fleirtal på Stortinget for Norges Banks råd om at oljefondet sel seg ut av olje- og gassaksjar.

Solberg sponsar Nobel-feiringa med friske kroner

Statsminister Erna Solberg (H) droppa applausen under delar av Nobel-foredraget, men blar opp friske pengar til feiringa. 

Innstiller Drevland som nytt medlem av Kringkastingsrådet

Måndag innstilte Stortingets valkomité tidlegare bergensordførar Trude Drevland som ny medlem av Kringkastingsrådet.

Listhaug med 26 spørsmål til Stortingets returstans

Innvandringsminister Sylvi Listhaug (Frp) har heile 26 konkrete spørsmål til stortingsvedtaket om returstopp til Afghanistan. Smørbrødlista kan bli lengre. 

Fleire reiste med fly i november

Talet på passasjerar som reiste med fly frå ein av Avinors flyplassen auka med 3,2 prosent i november. Innlandstrafikken aukar mest.

Tricia Boutté-Langlo:

Heidra svigerfaren med bursdagssong

Den amerikanske songarinna inviterte til julekonsert saman med Ytre Suløen i Stranda kyrkje søndag.

Gerhard B. Relling med minne frå Stranda

Leiken etter snøfall på 1960-talet

Problem i trafikken

Snøkava held fram