Reknar med at læraren som er sakna etter ulykka i Seljordsvatnet er omkommen

Søket etter den sakna læraren etter ulykka i Seljordvatnet vil halda fram gjennom helga, men det blir no søkt etter ein person ein reknar med er omkommen.

I 14-tida torsdag kantra ein liten fritidsbåt på Seljordsvatnet i Telemark. Seks personar var om bord i båten. Tre personar klarte å redda seg i land. To menn på høvesvis 20 og 19 år døydde etter å ha hamna i vatnet. Den siste, ein lærar, er framleis sakna fredag kveld.

Store ressursar har vore sett inn i søket etter læraren fredag. Leitemannskap frå Sivilforsvaret, Røde Kors og politiet har saman med frivillige tråla landområda på begge sidene av vatnet, og dykkarar har søkt under vatn med hjelp av ein ROV miniubåt.

Fredag kveld held leitemannskapa fram med søk i vatnet, men det blir no søkt etter ein person ein reknar med er omkommen, opplyser driftsleiar Sigrid Dahl i politiet i Midt-Telemark i ei pressemelding.

– Søket vil bli gjennomført med overflatesøk, dykkarar og ubåt fram til kvelden. Dersom det ikkje blir gjort funn, vil søket bli trappa noko ned, men politiet og Røde Kors vil halda fram med overflatesøk gjennom helga, skriv Dahl.

Personen som er sakna, er ein kvinneleg lærar frå Midt-Telemark. Dei pårørande er varsla.

– Var flyktningar

Fem av dei som var med på båtturen, var skuleelevar og gjekk på vidaregåande eller vaksenopplæring. Ifølgje NRK var dei to som omkom, frå Syria og Somalia. Den eine mannen som er stadfesta død etter ulykka, hadde flytta til Noreg åleine, utan familie, ifølgje Egeland.

Den andre omkomne hadde noko familie i Bø og var i familie med tre av dei andre elevane i båten. Læraren er busett i Bø, seier Egeland til NRK. Pårørande er varsla.

Politiet er tilbakehaldne med informasjon i saka. Dei stadfestar at båten som blei brukt, er funnen og sikra, men vil førebels ikkje seia noko om bakgrunnen for ulykka eller kva som har blitt sagt i avhøyr.

– Tankane går til dei pårørande

Alle dei involverte er knytte til Nome og Bø vaksenopplæring, men dei hadde haustferie og reiste ut på tur i privat regi då ulykka skjedde. Skulen har 180 elevar og gjev mellom anna norskopplæring for nye flyktningar.

Rektor Marianne Dahlseng seier at både elevar og tilsette reagerte med sorg på den triste og tragiske hendinga. Fredag var det samling på skulen.

– Tankane våre går no til dei involverte og deira pårørande. Dette vil prega skulen vår framover, seier ho til NRK.

Krisestab

Det er sett krisestab i tre kommunar i Telemark etter ulykka. I Seljord, der ulykka skjedde, i Bø, der dei seks involverte budde og i Nome, kommunen der dei arbeidde og gjekk på skule.

Kriseteama i dei tre kommunane samarbeider på tvers.

– Heile apparatet til kommunen er mobilisert. Vi handterer dette slik det skal handterast, seier ordførar Olav Kasland i Bø til NTB.

Ifølgje redningsleiar Jan Lillebø ved Hovudredningssentralen Sør-Noreg hadde ingen av dei seks i båten redningsvest på seg då ulykka skjedde. Dette kan politiet førebels ikkje stadfesta.

– Dette er noko vi må koma tilbake til, seier Dahl i politiet.


Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Død person funnen i tjern i Os i Hordaland

Ein død person er funnen i Banktjørna i Os i Hordaland. Politiet har mistanke om at det dreier seg om ein sakna 29-åring.

Riggselskap permitterer 160 tilsette

Riggselskapet Dolphin Drilling legg riggen Bideford Dolphin i opplag og permitterer med det 160 tilsette. Selskapet trur likevel på nye kontraktar.

Beste dag sidan 1. september på Oslo Børs

Hovudindeksen på Oslo Børs gjekk opp med 0,94 prosent til 794,88 poeng før handelen vart avslutta før helga. Det er det beste dagsresultatet på sju veker.

Fredriksen kjøper seg opp i Sparebank 1

Skipsreiar John Fredriksen har kjøpt seg kraftig opp i Sparebank 1 Nord-Noreg. Gjennom selskapet Geveran Trading er han no den åttande største eigaren.

Riksadvokaten: Politiet gjorde ikkje noko straffbart i narkovarsel-saka

Riksadvokaten frikjenner både Vest politidistrikt og enkeltpersonar i narkotikavarslarsaka i Bergen.

Legekontoret på Hellesylt

Sender saka til HOK

Ørnesvingen

Utforkøyring i Geiranger

Politiet melder litt over klokka fire laurdag ettermiddag om ei utforkøyring i Geiranger, i nærleiken av Ørnesvingane.

Ruteheftene i fylket

Vil kutte ut papiret

Breidbandsutbygging i Stranda

Avslag frå NKOM

Meteorsverm på himmelen

Orionidene synleg i helga

Reguleringsplan for Lien Hyttegrend

Eigengodkjend for andre gong

Kommunestyret vedtok mot to stemmer igjen å eigengodkjenne reguleringsplanen for Lien Hyttegrend. Det førre vedtaket vart oppheva av Fylkesmannen.

– Bli bøssebærar

– Meld dykk som bøssebærarar, er den klare oppmodinga frå aksjonskomiteen for TV-aksjonen.