Museumsbrekket i Bergen:

To personar er arresterte

To menn er sikta for innbrotet og tjuveriet på Universitetsmuseet i Bergen i august.

Denne spenna frå Ytterdal i Eidsdal er blant gjenstandane som er stolne i museumstjuveriet.  Foto: Universitetsmuseet i Bergen

innenriks

Ifølgje Bergensavisen blir dei to arresterte framstilt for varetektsfengsling torsdag. Politiet skal ha beslaglagt fleire gjenstandar som stammar frå tjuveriet.


Lokale vikingskattar er stolne

Fleire mynter frå Sløgstad er borte

Ein armring frå Nesteberget er også blant skattane som er stolne frå Universitetsmuseet i Bergen.

Ei natt i august tok tjuvar seg inn i sjuande etasje på museet via eit stillas og eit vindauge og stakk av med over 400 gjenstandar frå vikingtida.

Politiadvokat Linn Revheim ønsker ikkje å kommentere saka eller fengslingsmøtet som går for lukka dører. Den første som vart framstilt for varetektsfengsling, er ein mann i byrjinga av 40-åra frå Bergen.

(©NPK)