Konduktør på nattoget dømt for å tafsa på passasjer

Ein mann som jobba som konduktør på nattoget mellom Oslo og Trondheim er dømt for å ha tafsa på ein kvinneleg passasjer to gonger.

Mannen er i Sør-Trøndelag tingrett dømt til fengsel i 90 dagar, skriv Adresseavisen.

Hendingane mannen er dømt for skjedde i november i fjor. Ei kvinne i 20-åra reiste saman med kjærasten sin. Dei hadde sitteplassar, men kvinna følte seg dårleg og gjekk for å finne seg vatn i kafévogna midt på natta. Der møtte ho konduktøren, som tilbaud henne å oppgradere til sovekupé.

Ifølgje dommen blei konduktøren med kvinna inn i sovekupeen og tok på henne der, trass i tydeleg beskjed frå kvinna om at ho ikkje ville dette. Kvinna la seg etter kvart til å sove aleine, men vakna igjen nokre timar seinare av at konduktøren igjen tok på henne.

Mannen nekta straffskyld i retten, men har i stor grad stadfesta det faktiske hendingsgangen.

NSBs pressesjef Åge-Christoffer Lundeby opplyser til Adresseavisen at NSB ser alvorleg på hendinga og at mannen ikkje lenger jobbar som konduktør.

(©NPK)

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Islamsk Råd sender inn klage på kutt i støtta

Islamsk Råd Norge (IRN) har valt å klaga på vedtaket frå Kulturdepartementet om å kutta i statsstøtta til organisasjonen. 

Framgang på Oslo Børs

Hovudindeksen på Oslo Børs er tilbake over 800-grensa og enda på 800,22 måndag. Indeksen steig med 0,51 prosent gjennom dagen.

Årsak til brannen på Toten der to omkom er ikkje funnen

Årsaka til den eksplosjonsarta brannen i attvinningsanlegget Metallco AS på Eina i Vestre Toten fredag er ikkje funnen. To personar døydde i brannen. 

Frp risikerer at Hagen får motkandidat til Nobelkomiteen 

Stortinget ber Framstegspartiet finna ein annan kandidat enn Carl I. Hagen til Nobelkomiteen. Frp risikerer at det blir stilt motkandidat mot partinestoren .

Budsjettfristen ryk – igjen 

Heller ikkje i haust klarar dei fire partia på borgarleg side å bli samde om budsjettet innan den sjølvpålagde fristen, måndag kveld.

Fv 60 Hornindal-Hellesylt

Omfattande berging

Fylkesveg 60 er stengt for tunge køyretøy i Indre Hornindal, men personbilar kan køyre om.

"Vestlandet":

Ber om fylkesnamn som ikkje provoserer naboane

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal med klar tale til Stortinget.

Sesongopning ved Strandafjellet skisenter

Fryda seg vilt i djupsnøen

Ring søkjer eigar:

Har du mista gifteringen din på ferja?

Mannskapet på M/F Sykkylvsfjord passar i tilfelle godt på den – men dei vil gjerne gi den tilbake!

Martine Lorgen Øvrebust

10.-plass på Beitostølen

Glatte vegar – også i Stranda:

– Køyr varsamt og etter forholda

Detaljregulering for skytebane på Stavseng

Feil gir høyringsfrist i desember