NRK har fått tips om fleire tilfelle av trakassering

Dei siste dagane har også NRK fått tips om tilfelle av trakassering i kanalen. Ifølgje kringkastingssjefen skal hendingane «liggje ein del år tilbake i tid».
innenriks

Etter at Aleksander Schau i helga skreiv fleire Twitter-meldingar om tilfelle av overgrep som har skjedd i norsk mediebransje, har det komme fram at det i TV 2 dreier seg om fem slike tilfelle, og at fleire av desse har ført til oppseiingar eller åtvaringar.

No opplyser kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen at heller ikkje NRK har gått fri.

– Vi har dei siste dagane fått kjennskap til eit par saker som ligg ein del år tilbake i tid. Eg kan ikkje gå nærmare inn på sakene per no, men eg kan bekrefte at vi i etterkant av Schaus avsløringar har gått ut med ei oppfordring til våre tilsette om å dele historiene sine, seier han til nrk.no.

Eriksen seier at mykje har endra seg i positiv retning i mediebransjen etter at han kom inn i bransjen for 25 år sidan.

– Mediebransjen var ein mykje meir mannstung bransje på den tida, men her har det skjedd store endringar. I NRK har vi omtrent like mange kvinnelege som mannlege leiarar, og det er klart at det påverkar kulturen på arbeidsplassen, meiner kringkastingssjefen.

(©NPK)