TV 2-topp venta over eitt år før han reagerte på tips om seksuell trakassering

I over eitt år sat TV 2s sportsredaktør Vegard Jansen Hagen på opplysningar om alvorleg seksuell trakassering utan å gripe inn.

Sportsredaktør Vegard Jansen Hagen stadfestar overfor VG at alle dei fem sakene i TV 2 som no er kjende, er knytt til sportsavdelinga.

I ein av desse sakene sat han med informasjon om grove hendingar i halvtanna år, utan å gripe inn. Kvinna som var utsett for hendingane, varsla fleire gonger utan at noko vart gjort.

– Det var ein grov feil å ikkje gripe inn då eg først vart gjort oppmerksam på dette. Eg har sove på jobb, og konsekvensen av det er at medarbeidarar har lidd overlast. Det skal ikkje skje. Det er mitt ansvar, og på vegner av meg sjølv og TV 2 vil eg seie unnskyld til dei som har blitt ramma av det, seier han til avisa.

Kvinna som vart utsett for trakasseringa, ønskjer ikkje å kommentere hendinga overfor avisa.

Hagen understrekar at han ikkje kjente alle detaljar i historia som kvinna har fortalt om. Då han vart kjent med dei alvorlege skuldingane, vart mannen som stod bak episodane umiddelbart sagt opp. Men før dette skjedde hadde mannen halde fram med trakasseringane.

Nyheitsredaktør Karianne Solbrække innrømmer at TV 2-leiinga i fleire tilfelle har reagert for seint når dei har blitt informert om slik trakassering.

– Eg merkar at eg er så rasande på at ynkelege menn i så mange år har fått ture fram utan at nokon reagerer, seier ho.

I eit innlegg på TV 2s nettsider skriv ho at «Dagens ledelse tolerer ikke dritt fra menn som ikke forstår at de misbruker makten og stillingen sin.»

Opplysningane om sextrakassering i TV 2 kom fram då TV 2-profilen Alexander Schau på Twitter la ut 24 meldingar som fortalde om dei mange hendingane i TV-kanalen.

(©NPK)

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Islamsk Råd sender inn klage på kutt i støtta

Islamsk Råd Norge (IRN) har valt å klaga på vedtaket frå Kulturdepartementet om å kutta i statsstøtta til organisasjonen. 

Framgang på Oslo Børs

Hovudindeksen på Oslo Børs er tilbake over 800-grensa og enda på 800,22 måndag. Indeksen steig med 0,51 prosent gjennom dagen.

Årsak til brannen på Toten der to omkom er ikkje funnen

Årsaka til den eksplosjonsarta brannen i attvinningsanlegget Metallco AS på Eina i Vestre Toten fredag er ikkje funnen. To personar døydde i brannen. 

Frp risikerer at Hagen får motkandidat til Nobelkomiteen 

Stortinget ber Framstegspartiet finna ein annan kandidat enn Carl I. Hagen til Nobelkomiteen. Frp risikerer at det blir stilt motkandidat mot partinestoren .

Budsjettfristen ryk – igjen 

Heller ikkje i haust klarar dei fire partia på borgarleg side å bli samde om budsjettet innan den sjølvpålagde fristen, måndag kveld.

Fv 60 Hornindal-Hellesylt

Omfattande berging

Fylkesveg 60 er stengt for tunge køyretøy i Indre Hornindal, men personbilar kan køyre om.

"Vestlandet":

Ber om fylkesnamn som ikkje provoserer naboane

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal med klar tale til Stortinget.

Sesongopning ved Strandafjellet skisenter

Fryda seg vilt i djupsnøen

Ring søkjer eigar:

Har du mista gifteringen din på ferja?

Mannskapet på M/F Sykkylvsfjord passar i tilfelle godt på den – men dei vil gjerne gi den tilbake!

Martine Lorgen Øvrebust

10.-plass på Beitostølen

Glatte vegar – også i Stranda:

– Køyr varsamt og etter forholda

Detaljregulering for skytebane på Stavseng

Feil gir høyringsfrist i desember