Telenor legg ned i Harstad – 81 mister jobben

81 tilsette mister jobben etter at styret i Telenor Norge har vedteke å leggje ned kundeserviceavdelinga i Harstad.

Avdelinga vert lagt ned frå 1. januar neste år og råkar ifølgje Telenor i alt 81 tilsette. Det betyr også at Telenors siste kundeservicesenter i Nord-Noreg forsvinn.

– Vår prioritet no er at våre medarbeidarar i Harstad blir varetatt best mogleg, og får individuell oppfølging i tida framover, seier Berit Svendsen, administrerande direktør i Telenor Norge, i ei pressemelding.

Sjølvbetening overtar

Ifølgje Telenor er bakgrunnen at kundane i stadig større grad vel digitale løysingar og sjølvbetening framfor å ringe ein kundebehandlar.

Avgjerda om nedlegging skulle eigentleg vore fatta i eit styremøte i oktober, men blei utsett etter at Omstillingsutvalet i fylkeskommunen påla selskapet utsetjing i ein månad for å gå grundigare inn i alternative løysingar for vidare drift og kva Telenor kunne tilføre kommunen.

Resultatet av dette er at Telenor etter forslag frå kommunen skal delta i etableringa av eit gründerfond- og senter i Harstad.

Hjørnestein

YS-forbundet Negotia reagerer svært sterkt på nedlegginga og meiner at alternativa til nedlegging ikkje er undersøkt grundig nok. Dei meiner blant anna at Telenor kunne ha brukt kundeservicetenesta til å yte service til Canal Digital-kundar, eit tilbod som no er sett ut til ein ekstern leverandør.

– Negotia trur ikkje mange forstår alvoret i at Telenor Norge AS forlèt Nord-Noreg. Når ei hjørnesteinsbedrift forsvinn i Distrikts-Noreg, rammer det atskilleg hardare enn i sentrale strøk. I denne saka meiner vi styret grovt forsømmer samfunnsansvaret selskapet har, med framleis nærvær i Nord-Noreg, seier Negotia-leiar Arnfinn Korsmo.

(©NPK)

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Inga avklaring om prisen på det dyre legemiddelet Spinraza

Forhandlingane måndag om prisen på det dyre legemiddelet Spinraza gav inga avklaring.

Islamsk Råd sender inn klage på kutt i støtta

Islamsk Råd Norge (IRN) har valt å klaga på vedtaket frå Kulturdepartementet om å kutta i statsstøtta til organisasjonen. 

Framgang på Oslo Børs

Hovudindeksen på Oslo Børs er tilbake over 800-grensa og enda på 800,22 måndag. Indeksen steig med 0,51 prosent gjennom dagen.

Årsak til brannen på Toten der to omkom er ikkje funnen

Årsaka til den eksplosjonsarta brannen i attvinningsanlegget Metallco AS på Eina i Vestre Toten fredag er ikkje funnen. To personar døydde i brannen. 

Frp risikerer at Hagen får motkandidat til Nobelkomiteen 

Stortinget ber Framstegspartiet finna ein annan kandidat enn Carl I. Hagen til Nobelkomiteen. Frp risikerer at det blir stilt motkandidat mot partinestoren .

Fv 60 Hornindal-Hellesylt

Omfattande berging

Fylkesveg 60 er stengt for tunge køyretøy i Indre Hornindal, men personbilar kan køyre om.

"Vestlandet":

Ber om fylkesnamn som ikkje provoserer naboane

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal med klar tale til Stortinget.

Sesongopning ved Strandafjellet skisenter

Fryda seg vilt i djupsnøen

Ring søkjer eigar:

Har du mista gifteringen din på ferja?

Mannskapet på M/F Sykkylvsfjord passar i tilfelle godt på den – men dei vil gjerne gi den tilbake!

Martine Lorgen Øvrebust

10.-plass på Beitostølen

Glatte vegar – også i Stranda:

– Køyr varsamt og etter forholda

Detaljregulering for skytebane på Stavseng

Feil gir høyringsfrist i desember