Kan gå mot nytt ekstremvêr på Vestlandet

Vestlandet kan vente seg endå meir av det dårlege vêret som har herja dei siste dagane. Meteorologane varslar at uvêret kan utvikle seg til ekstremvêr.

Lågtrykket som fører til det dårlege vêret kjem frå Skottland, og er døypt «Caroline» av britiske meteorologar. Det er dette uvêret som no er på veg til Noreg.

Verst blir det også denne gongen i Hordaland og Rogaland, men ifølgje Meteorologisk institutt kan også Sogn og Fjordane og Sunnmøre bli treft av eit heftig uvêr.

Meteorologisk institutt har allereie området under intensivert observasjon, såkalla fase A-varsel, på grunn av dei kraftige nedbørsmengdene som fossar ned over dei to fylka. Og no kan det bli endå verre, med vindkast opp mot 40 meter i sekundet.

Full storm

– Det begynner torsdag kveld, med sørvestleg vind opp i full storm styrke på kysten av Rogaland og Hordaland. Når lågtrykket har passert, skifter vinden til vestleg og nordvestleg retning. Det vil føre til full storm, kanskje også sterk storm, i dei same fylka, seier meteorolog Anne-Mette Olsen ved Vêrvarslinga for Vestlandet til yr.no

Det nyaste varselet inkluderer også stormvarsel for Vest-Agder, Aust-Agder, Telemark, Buskerud og Oppland. Det vil bli full storm i fjelltraktene. Fleire fjellovergangar kan bli stengde.

Ras og stengde vegar

Både i Rogaland og Hordaland blir det meldt om sterk nedbør og aukande vind torsdag ettermiddag. Fleire fylkesvegar, blant anna fylkesveg 250 mot Sauda er stengt, noko som gjer at bygda er utan vegsamband. Fleire andre strekningar er stengde, har trafikk i berre eitt løp eller har manuell dirigering.

I Norheimsund i Hordaland har det gått fleire jordras og ein garasje er blant anna tatt av raset. Det er ikkje meldt om nokon skadde. På Osterøy omkom ei kvinne då eit bustadhus vart tatt av ras torsdag morgon.

Fredag skulle Statens vegvesen opne ein ny veg mellom Kvala og Fagerheim på fylkesveg 47 ved Haugesund. Vegen er ein del av Haugalandspakken og har kosta rundt 280 millionar kroner. No er opninga utsett til januar på grunn av vêrforholda

Barnehage evakuert

I Bergen er ein barnehage stengd og alle dei 62 barna evakuerte etter at det begynte å strøyme inn vatn gjennom vindauga. Barnehagen held stengt både torsdag og fredag.

NSB og Bane Nor slit også med vêrforholda. Bergensbanen har vore stengt fleire gonger gjennom dagen og er no stengt mellom Bulken og Evanger på grunn av rasfare. Dette rammar lokaltoget mellom Bergen og Myrdal og regiontoget mellom Oslo og Bergen.

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har sendt ut varsel om flaum på oransje nivå 3 – det nest høgste – i indre strøk av Hordaland og Rogaland på grunn av den kraftige nedbøren og snøsmelting. I ytre strøk er varselet gå gult nivå, eitt nivå lågare.


(©NPK)

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Arbeidsgjevarar skyr folk med arbeidstrening via Nav

Arbeidsgjevarar vil heller tilsetja folk som har gått arbeidsledige, enn folk som har hatt arbeidstrening via Nav, viser ein forskingsrapport frå Nova.

16 OECD-land brukar meir enn Noreg på offentleg velferd

Noreg toppar ikkje lista over kor stor del av BNP ulike land brukar på offentleg velferd. 16 OECD-land er før oss, ifølgje den danske fagforeininga 3F.

VG: Regjeringsforhandlingane startar 2. januar 

Forhandlingane om regjeringssamarbeid startar 2. januar, og fredag 19. januar er ein sannsynleg dato for at den nye regjeringa er klar, skriv VG.

Rentepanel: – Rentefesten vil vara lenge

Professor Ragnar Torvik meiner fallande bustadprisar og rekordhøg gjeldsbelasting hindrar Noregs Bank i å auka renta raskt eller mykje.

Tek i bruk anlegg for 4,9 mill kroner

Klar for ny sesong i Hyttehola

Hyttehola er eit fleirbruksanlegg til 4,9 millionar der idrettslaget og skyttarlaget i Sunnylven står skulder ved skulder.

Politiet i Møre og Romsdal

Brann og politi i same sentral

Tricia Boutté-Langlo:

Heidra svigerfaren med bursdagssong

Den amerikanske songarinna inviterte til julekonsert saman med Ytre Suløen i Stranda kyrkje søndag.