Noreg på angrepslista til Anonymous grunna kvalfangst

Hackargruppa Anonymous har peikt ut fleire norske institusjonar som mål for angrep. Bakgrunnen er at hackarane ikkje likar kvalfangst.

– Her skulle vi nok ønske at vi hadde betre kontroll. Det er generelt ei utfordring for Kripos og politiet, seier Lone Charlotte Pettersen, som er leiar for seksjon for internettrelatert etterforskingsstøtte i Kripos til Aftenposten.

Avisa skriv at såkalla «hacktivistar» frå Anonymous jamleg organiserer aksjonar retta mot kvalfangstnasjonane Noreg, Island, Japan og Færøyane. Måla er blant anna bankar, styresmakter, medium, turisme og akademia.

– Som følgje av hvalfangst er det fleire grupper som har sett seg ut Noreg som eit mål. Dei vil ta Noreg. Det kan derfor vere tilfeldig kven som blir ramma. Så lenge dei kan gjere skade, er dei fornøgde, seier Pettersen.

Sjølv om kvalfangst er kontroversielt internasjonalt, er det brei politisk semje om praksisen i Noreg.

Anonymous er eit verdsomspennande hackargruppa som har som mål å kjempe for ytringsfridom og mot sensur og misbruk. Deira aksjonsformer har i hovudsak vore Dos-angrep mot nettstader og demonstrasjonar og distribusjon av flygeblad.

(©NPK)

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Arbeidsgjevarar skyr folk med arbeidstrening via Nav

Arbeidsgjevarar vil heller tilsetja folk som har gått arbeidsledige, enn folk som har hatt arbeidstrening via Nav, viser ein forskingsrapport frå Nova.

16 OECD-land brukar meir enn Noreg på offentleg velferd

Noreg toppar ikkje lista over kor stor del av BNP ulike land brukar på offentleg velferd. 16 OECD-land er før oss, ifølgje den danske fagforeininga 3F.

VG: Regjeringsforhandlingane startar 2. januar 

Forhandlingane om regjeringssamarbeid startar 2. januar, og fredag 19. januar er ein sannsynleg dato for at den nye regjeringa er klar, skriv VG.

Rentepanel: – Rentefesten vil vara lenge

Professor Ragnar Torvik meiner fallande bustadprisar og rekordhøg gjeldsbelasting hindrar Noregs Bank i å auka renta raskt eller mykje.

Tek i bruk anlegg for 4,9 mill kroner

Klar for ny sesong i Hyttehola

Hyttehola er eit fleirbruksanlegg til 4,9 millionar der idrettslaget og skyttarlaget i Sunnylven står skulder ved skulder.

Politiet i Møre og Romsdal

Brann og politi i same sentral

Tricia Boutté-Langlo:

Heidra svigerfaren med bursdagssong

Den amerikanske songarinna inviterte til julekonsert saman med Ytre Suløen i Stranda kyrkje søndag.