Stortingspresidenten trur Hagen har tapt nobel-slaget

Det er ingen grunn til å tru at Carl I. Hagen blir valt til Nobelkomiteen, seier stortingspresident Olemic Thommessen (H). Hagen sjølv nektar å gi opp håpet. 

– Det er eit overveldande fleirtal som meiner at Carl I. Hagen ikkje kan veljast til Nobelkomiteen, sa Thommessen då han torsdag presenterte den endelege innstillinga frå Stortingets valkomité.

Thommessen slo fast at Høgre stiller seg på fleirtalssida i valkomiteen. Framstegspartiet står dermed åleine om mindretalsinnstillinga som ber om at Hagen blir valt til Nobelkomiteen.

– Bryt konstitusjonell sedvane

Hagen var sjølv til stades i vandrehallen då stortingspresidenten gjorde greie for innstillinga frå valkomiteen. Han meiner det framleis er ope fram til voteringa fredag er over.

– Stortingspresidenten hadde ei ryddig og grei forklaring, men han ville ikkje gå inn på om Stortinget skal bryte det eg meiner er ein konstitusjonell sedvane, nemleg at dersom det er éin representant som ønsker å stemme for begge forslaga, så skal dei setjast opp særskilt, kvar for seg, seier Hagen.

Når Stortinget fredag skal ta stilling til kven som skal utnemnast til Nobelkomiteen, vil fleirtalet krevje at ein først skal stemme over om ein ikkje-valbar person kan fremmast eller ikkje. Slik vil opposisjonen sjå bort frå Hagen. Stortinget vedtok tidlegare denne veka at representantar og vararepresentantar ikkje kan veljast til komiteen.

Vil krevje at det blir stemt over Hagen

Spørsmålet blir om Frp kan krevje at det skal stemmast over Hagens kandidatur. Hagen meiner det er dekning i Stortingets forretningsorden for det, og at det altså er tilstrekkeleg om berre éin stortingsrepresentant ber om at det blir stemt over forslaget. Stortingspresident Olemic Thommessen er ikkje einig.

– Éin kandidat kan ikkje diktere korleis voteringa skjer. Det einaste punktet er om vi skal ha skriftleg votering eller ikkje. Det kan éin kandidat krevje, seier Thommessen.

– Dersom stortingsfleirtalet går inn for at det skal veljast eit visst tal på kandidatar, er det ikkje logisk at ein kan velje fleire. Då vil det bli avvist, legg han til.

Det ligg dermed an til at Stortinget fredag vil velje berre eitt fast medlem til Nobelkomiteen, og at Framstegspartiets plass vil stå tom. Vararepresentant Kristin Clemet (H) vil rykke opp for å fylle plassen.

– Frp kan på eit seinare tidspunkt fremme forslag om kandidatar som er valbare til komiteen og ha ei forventning om at den som då blir fremma, vil bli valt, seier Thommessen.

Han ville ikkje seie noko om korleis voteringa fredag blir lagt opp. Først vil han ha ein samtale med Frps parlamentariske leiar Hans Andreas Limi for å avklare uteståande spørsmål.

Finles forretningsordenen

Det ser ut til at voteringsreglane og Stortingets forretningsorden blir sentrale tema heilt til siste slutt av nobel-bruduljen. Frp fekk torsdag formiddag avklaring frå konstitusjonell avdeling på Stortinget på nokre siste spørsmål.

Framstegspartiet viser til paragraf 59 i Stortingets forretningsorden. Den går ut på at om det ligg føre fleire forslag i ei sak, så skal presidenten sette kvart av dei under avstemming i «logisk rekkefølgje».

– Vi legg til grunn Stortingets mangeårige praksis med å kunne stemme for det vi er for og imot det vi er imot, sa Limi då merknadane frå partiet vart overleverte valkomiteen.


(©NPK)

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Arbeidsgjevarar skyr folk med arbeidstrening via Nav

Arbeidsgjevarar vil heller tilsetja folk som har gått arbeidsledige, enn folk som har hatt arbeidstrening via Nav, viser ein forskingsrapport frå Nova.

16 OECD-land brukar meir enn Noreg på offentleg velferd

Noreg toppar ikkje lista over kor stor del av BNP ulike land brukar på offentleg velferd. 16 OECD-land er før oss, ifølgje den danske fagforeininga 3F.

VG: Regjeringsforhandlingane startar 2. januar 

Forhandlingane om regjeringssamarbeid startar 2. januar, og fredag 19. januar er ein sannsynleg dato for at den nye regjeringa er klar, skriv VG.

Rentepanel: – Rentefesten vil vara lenge

Professor Ragnar Torvik meiner fallande bustadprisar og rekordhøg gjeldsbelasting hindrar Noregs Bank i å auka renta raskt eller mykje.

Tek i bruk anlegg for 4,9 mill kroner

Klar for ny sesong i Hyttehola

Hyttehola er eit fleirbruksanlegg til 4,9 millionar der idrettslaget og skyttarlaget i Sunnylven står skulder ved skulder.

Politiet i Møre og Romsdal

Brann og politi i same sentral

Tricia Boutté-Langlo:

Heidra svigerfaren med bursdagssong

Den amerikanske songarinna inviterte til julekonsert saman med Ytre Suløen i Stranda kyrkje søndag.