Ap innførte mobilforbod etter Tajik-lekkasjar

Lekkasjar frå Aps sentralstyremøte 2. januar førte til at sentralstyremedlemmene ikkje fekk lov til å ha med mobiltelefon i møtet veka etterpå.
innenriks

Det skriv Aftenposten.

Medan sentralstyremøtet i Ap tysdag 2. januar framleis gjekk føre seg, kunne VG fortelje at nestleiar Hadia Tajik hadde lese opp varslingane mot nestleiar Trond Giske mot Ap-leiar Jonas Gahr Støres vilje.

Ei lang rekkje Ap-toppar har vore fortvila over dei omfattande lekkasjane frå interne møte og dokument i varslarsaka som har ridd Ap i meir enn ein månad.

Måndag 8. januar, dagen etter at Trond Giske trekte seg, var det nytt sentralstyremøte. Då blei det innført forbod mot å ta med seg mobiltelefonen inn i det store sentralstyrerommet i 6. etasje i Aps hovudkvarter på Youngstorget.

– Når vi diskuterer sensitive tema og/eller vi ynskjer møtedeltakarane si fulle merksemd, praktiserer vi mobilforbod under møta. Det blei praktisert under sentralstyrets møte, skriv partiets informasjonssjef Ingrid Langerud i ein e-post til avisa.

(©NPK)