Frp har «ingen planar» om alkoholkutt

Høgre vurderer å droppe drikkebongar, medan Frp held på dagens praksis. Sp og Venstre skal diskutere eigen alkoholpraksis.
innenriks

– Vi har ingen planar om å forandre praksisen vår, seier generalsekretær Fredrik Färber (Frp) til Dagen.

Arbeidarpartiet droppar å betale for alkoholservering på sentrale partiarrangement. Det slo Ap-leiar Jonas Gahr Støre fast under Debatten på NRK1 torsdag kveld.

Framstegspartiet har ikkje planar om det same. Partiet pleier å spandere alkohol på partimedlemmene sine under landsstyremøte og landsmøte. På andre politiske konferansar er det opp til den enkelte å kjøpe alkoholhaldig drikke.

– Vi har streng alderskontroll på Frp-arrangement der det blir servert alkohol. Ved større arrangement leiger vi også inn eigne vektarar, seier generalsekretæren til avisa.

Ei rundspørjing Dagen har gjort, viser at KrF, Raudt og Miljøpartiet Dei Grøne ikkje betaler for alkohol til medlemmene sine under partiarrangement. Sosialistisk Venstreparti lar delegatar til landsmøtet betale sjølv, men partiet kan spandere nokre få einingar på medlemmene under mindre arrangement.

Senterpartiet har hatt ein «forsiktig praksis» ved å berre betale for to glas med alkoholhaldning drikke under middagar på sentrale partiarrangement. Men partiet vurderer å drøfte denne praksisen, ifølgje generalsekretær Knut M. Olsen.

Venstre skal vurdere å slutte med å betale for alkohol når sentralstyret har neste møte.

– Då skal vi blant anna ha ein grundig gjennomgang og vurdering av skriftlege retningslinjer med omsyn til uønskt merksemd og seksuell trakassering, seier generalsekretær Christian Herzog.

Høgre vil ikkje forby alkohol på partiarrangement, men vurderer å droppe spandering av alkohol i baren etter festmiddagar.

På landsmøtet i fjor vår blei det delt ut fleire «bongar» for gratis drikke til deltakarar frå parti og presse. Delegatane skal altså framleis få gratis vin og øl til maten.

(©NPK)