Siste ulv i jaktkvoten i Osdals- og Julussarevira er felt

Jegerane har skote den siste av 16 ulvar som skulle fellast i Osdals- og Julussarevira i Hedmark. Framleis er det seks dyr utanfor revira som skal fellast.
innenriks

Jakta på dei 16 ulvane har halde på sidan nyttår og fredag morgon blei det siste av dyra i kvoten felt i området til Osdalsflokken, melder Nationen.

Fylkesmannen i Hedmark har difor gitt beskjed om at all jakt i desse revira skal stoppast. Framleis er det ein kvote på seks dyr som kan fellast utanfor dei utpeikte revira.

Hensikta med jakta på dei to flokkane har vore å utradere dei. Jegerane som har delteke i jakta trur likevel at det er fleire dyr igjen, men det er ikkje gitt løyve til å felle fleire enn 16 dyr.

– Dersom det framleis er ulvar i området etter at kvoten er fylt kan det bli aktuelt å gjere ei ny vurdering, seier statssekretær Lars Andreas Lunde (H) i Klima- og miljødepartementet til Bondebladet.

Totalt har regjeringa opna for at 42 ulvar kan skytast i Noreg i vinter. I tillegg til ulvane i dei to revira, kan 12 ulvar fellast utanfor ulvesona i Oslo, Akershus, Hedmark og Østfold og 14 i andre delar av landet.

Fem av ulvane som kan skytast utanfor ulvesona var allereie skotne då Oslo tingrett stoppa jakta i november i fjor. I desember saksøkte WWF Norge for andre gong staten for å fatte lovstridige jaktvedtak i forvaltinga av ulv, som organisasjonen meiner strir mot både Grunnlova, naturmangfaldlova og internasjonale avtaler. WWF kravde på nytt ein mellombels stopp i jakta.

Oslo tingrett avgjorde likevel fredag i førre veke at lisensfellinga ikkje vil true overlevinga til ulvebestanden, og fastslo dermed at ulvejakta kan halde fram. Jakta på dei to flokkane innanfor ulvesona starta 1. januar.

(©NPK)