Trøndelag og Vestlandet dominerte kåringa Det Norske Måltid

Fem av 13 prisar hamnar i Trøndelag etter at Det Norske Måltid for tiande år på rad kåra landets beste matprodukt, drikke- og råvarer. 
innenriks

Det Norske Måltid starta i 2008 for å synleggjere mangfaldet i norsk matproduksjon og bidra til næringsutvikling. Produkt frå alle fylka i landet var påmelde i år, men på veg mot finalar og til slutt vinnargruppe står nokre delar av landet fram som dei sterkaste matregionane.

– No ser vi at Trøndelag med fem prisar er landets mattyngdepunkt, seier hovuddommar Einar Risvik frå Nofima etter at dei 13 hovudvinnarane er kåra.

Dei andre prisane fordelte seg med to til Rogaland og éin pris kvar til fylka Hordaland, Møre og Romsdal, Østfold, Aust-Agder, Nordland og Buskerud.

Rekord

– Det har vore rekordmange påmelde i år, 220 produkt. Det fortel oss at det skjer mykje blant matprodusentar i Noreg, og det er hardt arbeid, stor kreativitet og eit kvalitetsfokus utan sidestykke, seier prosjektleiarar for Det Norske Måltid, Kristin Austigard og Sigve Skretting, til NTB.

Trøndelagsvinnarane inkluderer flatbrødet Skjenning, reinsdyrkalvemørbraden Rørosviddas Perle, solbæriskrem frå Reins Kloster, osten Munkeby og ølet Rødskjegg.

Vestlandet fekk prisar for Rogalands-most og villfanga fisk, for sider frå Hordaland og foredla fisk frå Møre og Romsdal.

Salami slo til

Salamipølsa Slegge frå Rongeriks i Buskerud fekk prisen for Årets kjøtt foredla, og dessutan to heidersprisar: Årets Matspire og Matkanalens pris.

– Ask gård på Ringerike har gjenskapt den italienske smaken med norske råvarer, ramsløk, norsk havsalt, einar og andre urter, krydder og handverk, seier administrerande direktør Nina Sundqvist i stiftelsen Matmerk.

På slutten av kvelden blei Det Norske Måltids heiderspris tildelt kokken Morten Schakenda, overrekt av fjorårets vinnar Wenche Andersen og Arne Brimi som fekk prisen i 2013. Schakenda fekk prisen for i ei årrekkje å ha formidla sin gastronomiske kunnskap og matglede til profesjonelle og andre matinteresserte, i Noreg og i store delar av verda.

(©NPK)