Finansminister Siv Jensen (Frp) må møte i ny SSB-høyring med kontrollkomiteen på Stortinget

Stortinget er enno ikkje nøgde med svara finansminister Siv Jensen (Frp) har gitt om striden som førte til at Christine Meyer måtte gå som sjef i SSB.
innenriks

Jensen må derfor møte til ny høyring etter at det allereie er utveksla fleire brev og halde ei open høyring, avgjorde kontroll- og konstitusjonskomiteen på eit møte tysdag.

Striden om omorganiseringa av Statistisk sentralbyrå (SSB) førte til at Meyer måtte gå av som SSB-sjef i november i fjor, etter at ho ikkje lenger hadde tillit frå Jensen.

Meyer har hevda at ho hadde ryggdekning for omorganiseringa, mens Jensen har hevda at det blei åtvara allereie frå januar i fjor.

Heilomvending

Torsdag i førre veke gjorde Jensen heilomvending og gav kontroll- og konstitusjonskomiteen innsyn i notat frå tre møte mellom Finansdepartementet og SSB, som ho heile tida har meint er interne og ikkje å rekne som dokument i saka.

Ei vurdering frå Sivilombodsmannen førte derimot til at Jensen likevel sende over dokumenta, samtidig som ho heldt fast at dei er unntatt offentlegheit. Det er med andre ord berre Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité som får sjå dei.

Redigerte dokument

Ifølgje DN blei dei hemmelege notata redigerte og påført «forklarande merknader» frå to dagar før dei blei sendt frå Finansdepartementet til Sivilombodsmannen – som trong å sjå dei etter ein klage frå VG som var blitt nekta innsyn. Først i eit nytt brev seks dagar seinare opplyste Finansdepartementet at notata var påført ekstra merknader i ettertid.

Dei hemmelege notata er nedteikningar folk frå departementet gjorde under og etter møte med SSB-leiinga 13. januar, 26. januar og 19. september i fjor.

– Det er ikkje noko her som styrkar forklaringa til Jensen, sa stortingsrepresentant Torgeir Knag Fylkesnes (SV) etter at departementet lot medlemmene av kontroll- og konstitusjonskomiteen få lese møtenotata.

(©NPK)