Lakseselskap meldt til politiet for eksport av sjuk fisk til Kina

Mattilsynet trur eit eksportfirma og eit lakseslakteri skal ha eksportert laks med fiskesjukdomen PD til Kina. To tilsette i Ocean Quality AS er suspendert.
innenriks

Saman med lakseslakteriet Bremnes Seashore er Ocean Quality politimeldt for forholdet, skriv Mattilsynet i ei pressemelding tysdag.

Ifølgje Sysla gjennomførte politiet ein razzia hos dei to selskapa i førre veke.

– Vi har gjort beslag som vi meiner kan vere av interesse, ut ifrå politimeldinga frå Mattilsynet, seier politiadvokat Hallvard Gardshol Bjørndal i Sørvest politidistrikt.

Han stadfestar vidare at to personar, ein frå kvart selskap, blei arresterte av politiet. Begge er lauslatne, og politiet vil ikkje be om varetektsfengsling.

– Dei to er sikta for medverking til uriktig forklaring til offentleg styresmakt, seier Bjørndal.

To tilsette suspenderte

I ei pressemelding opplyser Ocean Quality AS at saka dreier seg om at enkelttilsette i selskapet har sendt inn uriktig informasjon til Mattilsynet.

– Etter det Ocean Quality kjenner til, har enkeltpersonar i selskapet, i strid med retningslinjene våre, bevisst brukt om att tidlegare eigenerklæringar. Dermed har Mattilsynet ferda ut eksportattestar på feil grunnlag. Vi har dermed eksportert laks til Kina som ikkje var godkjent for Kina, seier Øyvind Fossøy, styreleiar i Ocean Quality AS.

Ifølgje selskapet har sending av feilmerka fisk til Kina så vidt dei veit så langt berre gått føre seg i ein avgrensa periode på nokre veker. Dei opplyser at to tilsette i selskapet som etter det dei kjenner til har vore involverte i dette, er suspenderte.

– Vi ser svært alvorleg på denne hendinga. Vi har nulltoleranse for uriktig bruk av dokumentasjon, og vi beklagar sterkt at det har skjedd, uttaler Fossøy.

Tek på seg heile ansvaret

Ocean Quality tek på seg det fulle og heile ansvaret, og beklagar at Bremnes Seashore blei dratt inn.

– Bremnes Seashore er trekte inn i dette på ein urettferdig måte. Det er Ocean Quality som lagar alle dokumenta og gjennomfører eksporten, så det er vi som har ansvar for dette, seier Fossøy til NRK.

På bakgrunn av saka er dei to selskapa fråteke retten til å eksportere laks til Kina inntil vidare, opplyser Mattilsynet. Dei er elles sparsame med å uttale seg, og det er uklart om dei to selskapa får ytterlegare reaksjon.

– På grunn av politietterforskinga kan vi ikkje uttale oss om saka. Verksemda er inntil vidare suspendert for lakseeksport til Kina, seier administrerande direktør i Mattilsynet, Harald Gjein.

Han understrekar også at dei no vil føre strengare kontroll av eksporten av fersk laks.

Brot på lakseavtale

Mattilsynet skriv at dei mistenkjer dei to firmaa for å ha eksportert laks frå oppdrettsanlegg med fiskesjukdomen PD til Kina. Ocean Quality slår på si side fast at laksen hadde hatt sjukdommen.

Dei fleste land, inkludert Noreg, har ingen restriksjonar mot fisk som har hatt denne sjukdommen, ettersom det er ikkje er farleg å ete laks med PD. Kina har derimot eit slikt krav, og i fjor underteikna Kina og Noreg ein lakseprotokoll der partane blei samde om at det berre kan eksporterast laks frå oppdrettsanlegg utan mistanke eller påvising av fiskesjukdomane ILA eller PD.

Kinesiske styresmakter er orienterte om politimeldinga og tiltaka med auka kontroll. Mattilsynet har tett dialog med dei via ambassaden og held fram planlegginga av ein kinesisk inspeksjon som er planlagt neste månad.

– Norske styresmakter har arbeidd lenge og lagt ned mykje ressursar for få til ein lakseavtale med Kina. Ansvaret for å følgje avtalen har næringsaktørane, og vi forventar at krava blir følgde, seier Gjein.