Regjeringa klar til å stoppe Bank Norwegian

Finansdepartementet reagerer på at Bank Norwegian veks i nabolanda ved å tilby ein særnorsk, høg garanti på innskot. Ei lovendring er snart klar.
innenriks

Bank Norwegian har etablert seg i Finland finansiert med innskot som er dekka av norsk innskotsgaranti, seier forvaltar Sigmund Håland til Dagens Næringsliv. Banken er åleine om å tilby dette i utlandet.

Den norske garantiordninga for bankkundar gir kundane tryggleik for inntil to millionar kroner per kunde om ein bank skulle gå over ende. Til samanlikning har EU-landa ein garanti på inntil 980.000 kroner per kunde.

Statssekretær Geir Olsen (V) i Finansdepartementet kommenterer praksisen til Bank Norwegian ved å seie at ein konkurransefordel er uheldig:


– Det er viktig at norske bankar ikkje skal kunne utnytte det norske garantinivået til å oppnå ein konkurransefordel i utanlandske marknadar, skriv han i ein e-post.

Departementet har jobba med eit lovforslag for garantiordninga sidan i fjor sommar. Der foreslår ein å ta med ei avgjerd som seier at den norske garantien ikkje kan brukast i utlandet.

(©NPK)