Stortinget vil lovfeste rett til studentombod

Det er fleirtal på Stortinget for å lovfeste retten til studentombod for alle studentar i Noreg.
innenriks

Det blei klart etter at utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget tysdag gav innstillinga si. Fleirtalet seier ja, skriv Avisenes Nyhetsbyrå.

– Det at vi no gir alle studentar tilgang på eit studentombod, kan senke terskelen for å melde frå om kritikkverdige forhold som seksuell trakassering eller urettferdig behandling utan å vere uroa for negative konsekvensar, seier Turid Kristensen, utdanningspolitisk talsperson i Høgre.

I dag er det ti studentombod, og alle held til ved store statlege universitet og høgskular. Stortingsvedtaket gir no alle studentar, også dei i mindre institusjonar, same tilgang til ombod.

[if !supportLists]– [endif]Miljøet ved norske universitet og høgskular i dag er i all hovudsak godt. Samtidig kan vi ikkje legge skjul på at det finst sterke hierarkiske strukturar og asymmetriske relasjonar mellom studentar og tilsette. Dermed er det eit behovet for at studentane kan søke råd hos ein uavhengig aktør, seier Roy Steffensen (Frp), leiar av utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget.

(©NPK)