Rovdata ber skifolk samla lort frå jerv

Rovdata oppmodar turfolk til å plukke med seg ekskrement dei finn frå jerv i påska, og levere prøvene inn til Statens naturoppsyn.

JERV: Rovdata oppmodar turfolk til å ha med seg ein rein pose i tilfelle dei kjem over spor og avføring frå jerv. ARKIVFOTO  Foto: Colorbox

innenriks

Avføringa frå jerven skal nyttast i overvakinga arten, fortel Rovdata. Folk som er på tur, blir derfor oppmoda til å ha med seg ein rein pose i tilfelle dei kjem over spor og avføring frå rovdyret. Restar av pels er òg interessant materiale for Rovdata.

– Vi ønskjer å ta imot alle prøver som de finn i nærleiken av eit jervespor. Ha gjerne plastposen klar i lomma når du drar ut, og bruk han til å plukke opp jervskiten. Ikkje ta direkte på skiten, men vreng posen rundt prøven, slik du ville gjort med ein hundeskit, og knyt igjen. Hugs: berre éin skitprøve per pose. Frys ned skitprøven når du kjem heim fram mot overleveringa, forklarer Jonas Kindberg, leiar i Rovdata.

Det innsamla materialet blir DNA-testa. Kindberg ber folk om merke prøvene med funnstad og dato før dei leverer dei til Statens naturoppsyn. Etter påske legg Rovdata fram ei undersøking frå i fjor, da dei kom med den same oppmodinga til turfolk.

(©NPK)