Bonde ankar dommen i Gartnerhallen-saka

Ein bonde og ein tidlegare rekneskapssjef i Gartnerhallen er dømde til nesten seks års fengsel for underslag av 49 millionar kroner. Bonden har valt å anke.
innenriks

Bonden vart dømd til fem år og ti månaders fengsel i Oslo tingrett i starten av april, skriv Nationen.

– Klienten min har anka dommen fordi han meiner han er uskuldig. Han ønskte å lese dommen grundig før han anka, seier advokaten til bonden, Rasmus Dannevig Woxholt.

Rekneskapssjefen har på si side vedgått straffskuld og ønskjer ikkje å anke. Han er dømd til fire års fengsel. Både bonden og rekneskapssjefen er dessutan dømde til å betale Gartnerhallen 48,2 millionar kroner i erstatning for økonomisk tap.

Den tidlegare rekneskapssjefen har innrømt å urettmessig ha utbetalt om lag 49 millionar kroner frå frukt- og grøntselskapet, og har vedgått straffskuld for grovt underslag.

Det aller meste av pengane vart betalte ut til den meddømde bonden, mens rekneskapssjefen sjølv tok 3,3 millionar kroner. Bonden vedgjekk ikkje straffskuld for heleri og meinte utbetalingane var lån. Han vedgjekk likevel straffskuld for ein mindre tiltalepost om forsikringsbedrageri på 925.000 kroner. Han avviste at han hadde utsett den tidlegare rekneskapssjefen for utilbørleg press.

(©NPK)