Dei neste F35-flya kjem i slutten av mai

Dei neste tre norske F35 kampflya skal leverast til Noreg og Ørland flystasjon i slutten av mai i år, opplyser Forsvarsdepartementet.
innenriks

– Datoen er ikkje heilt spikra enno, men ein førebels dato er sett i slutten av mai. Det blir som sist, at amerikanske pilotar leverer flya til Ørlandet, seier seniorrådgivar Lars Gjemble i Forsvarsdepartementet til Fosna-Folket.

Noreg har bestilt inntil 52 F35-kampfly med levering av seks fly i året. Ifølgje Fosna-Folket blir flya leverte til Ørlandet tre og tre, ein gong kvar vår og ein gong kvar haust. Dei første F35-flya landa på norsk jord i november i fjor.

– Flya blir sende over frå USA med pilotane til produsenten Lockheed Martin, slik det vart gjort i fjor. Dei siste tre flya i år kjem sannsynlegvis i september, seier Gjemble.

Måndag kunngjorde Forsvarsdepartementet at den såkalla systemutviklings- og demonstrasjonsfasen av F35-flya formelt er avslutta etter over elleve år, 9.200 testflygingar, og 17.000 testtimar.

Programdirektør i Forsvarsdepartementet, generalmajor Morten Klever, skildrar det som ein milepæl.

– Partnarlanda vart i si tid einige om eit sett med krav for utviklinga av F35. Kapasitetane er no utvikla og testa opp mot desse krava. No startar arbeidet med å vidareutvikle våpensystemet F35 for å halde systema oppdatert i takt med den teknologiske og operative utviklinga, seier han i ei pressemelding.

Flya skal etter planen vere fullt operative i 2025.

(©NPK)