Norwegian flyr stadig høgt – men børsen fall

Aksjane til flyselskapet Norwegian held fram å skyte i vêret, men hovudindeksen på Oslo Børs gjekk likevel ned med 0,29 prosent til 836,17 poeng måndag.
innenriks

Norwegian-aksjen var den desidert mest omsette måndag og enda med ein oppgang på 9,25 prosent måndag. Med dette har aksjane til flyselskapet stige med over 64 prosent berre den siste veka og er no på sitt høgste sidan 2016.

Ein viktig del av årsaka er interessa frå IAG, eigarselskapet til British Airways. Torsdag vart det kjent at dei hadde kjøpt seg opp til ein eigardel på 5,6 prosent i Norwegian, og i ein melding same dag heitte det at dei vurderte å by på resten av Norwegian. No blir det spekulert på kor stort dette bodet blir.

– Årsaka til at kursen held fram med å stige, er truleg at fleire meklarhus har levert analysar der det blir spekulert på kva eit eventuelt bod frå IAG kan liggje på, seier kommunikasjonssjef Geir Harald Aase i Oslo Børs til NRK.

Norsk Hydro enda òg med ein oppgang (+1,5 prosent), men elles var det ein tung dag for dei store selskapa. Statoil-aksjen fall 0,4 prosent, Marine Harvest med 1,1 prosent og DNB med 1,3 prosent.

Børsdagen var òg tung på dei leiande børsane elles i Europa. CAC 40 i Paris kraup nedover med 0,1 prosent, Dax 30 i Frankfurt fall 0,4 prosent, mens FTSE 100 i London gjekk ned med 0,8 prosent.

Oljeprisen sokk gjennom måndagen, og ved 16.30-tida gjekk eitt fat nordsjøolje for ein snittpris på 71,91 dollar. Eit fat amerikansk lettolje gjekk på same tidspunkt for 66,57 dollar fatet.

(©NPK)