Edvartsen: – Eg legg meg flat og skal endre meg

Svein-Erik Edvartsen er motivert for å komme tilbake som toppdommar neste sesong og vil endre kommunikasjonsform for å vinne tilbake tilliten i dommarmiljøet.

– Eg har ein stor jobb å gjere med å endre kommunikasjonsforma mi slik at ho blir meir etande for alle. Klarheit og ærlegheit må ein tole i ei stor prestasjonsgruppe, men det treng ikkje vere uhøviske eller stygge meldingar som gjer at folk føler seg mobba og trakasserte, sa Edvartsen i eit intervju med TV 2 tysdag.

Han la seg «paddeflat» og beklaga tekstmeldingane som han har sendt til dommarkollegaer, og seier han tar sin store del av ansvaret for den store konflikten som har blussa opp i 2017.

– Det starta med ein fagleg diskusjon, som eg kunne handtert på ein anna måte. Og så eskalerte det dessverre, seier dommaren, som ikkje skal dømme i toppdivisjonane denne sesongen.

Lært mykje

Edvartsen seier han har tatt stor lærdom av det som har skjedd.

– Eg krev veldig mykje av meg sjølv, og eg krev mykje av dei rundt meg. Eg er ingen A4-person. Eg tar stor plass, og eg har ein direkte, ærleg, og kanskje overtydeleg kommunikasjonsform. Eg har aldri meint å trakassere eller mobbe nokon. Eg skal sjølvsagt endre kommunikasjonsform, sa Edvartsen, som var tydeleg på at han tok sin del av ansvaret for det som har skjedd i 2017.

I eit 25 minutt langt intervju med Davy Wathne i TV 2 sa Edvartsen gong på gong at han legg seg flat. Han sa òg at han har stor respekt for dommarsjef Terje Hauge, at han er villig til å skvære opp med han, og at det aldri har vore hans intensjon å bli kvitt Hauge.

Motivasjon

Han avslo å kommentere detaljane i avtalen som vart inngått da toppdommarkontrakten hans for i år vart avslutta. Edvartsen viste til at avtalen er konfidensiell.

– Eg skal gjere mitt for å byggje opp igjen tilliten i dommarmiljøet. Det er ein stor motivasjonsfaktor for meg at det er opna opp for at eg kan komme tilbake i 2018. Og eg skal gjere alt eg kan for å få til det, både i forhold til dommarkollegaer, dommarsjef og dommarkomiteen, sa Edvartsen i intervjuet.

Han sa òg at han kjem til å dømme fotball i 2017 på lågare nivå, men kunne enno ikkje seie på kva nivå.

(©NPK)

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Laget til Boasson Hagen måtte ha politieskorte

Edvald Boasson Hagen og lagkameratane i Team Dimension Data mista ei ferje og fekk det travelt med å rekke starten på fredagsetappen i Tour des Fjords.

Statsministeren til Arctic Race

Statsminister Erna Solberg skal kaste glans over sykkelrittet Arctic Race of Norway i august.

Storavis: Solbakken ønskt i Belgia

Ståle Solbakken skal stå høgt på ønskelista som manager i den belgiske storklubben Club Brugge.

Van Gestel vann opningsetappen i Tour des Fjords

Belgiaren Dries Van Gestel vann 1. etappe av sykkelrittet Tour des Fjords onsdag.

Friidrett: Maraton-NM til Risør

Norges Friidrettsforbund har tildelt noregsmeisterskapen i maraton i år til Risør.

Folketalsutviklinga

Raude tal sidan 2016

I løpet av årets første kvartal har folketalet i Stranda kommune gått ned frå 4.623 til 4.590.

FV63 Langvatn/Djupvasshytta

Vegen opnar i ettermiddag

Statens Vegvesen melder at FV63 mellom Langevatn og Djupvasshytta opnar i dag fredag.

Gondolbana i Loen

Pengedryss i marknadsføring

Sist helg opna dronning Sonja den nye gondolbana i Loen. No opnar Nærings- og fiskeridepartementet lommeboka.

Sunnmøre Museum og Blåtind i Stordal

Paraplyvêr på pensjonisttur

Med ein god porsjon godt humør rista pensjonistane frå Stranda av seg regnet då dei Kristi Himmelfartsdag besøkte Sunnmøre Museum.

Misjonssambandet

Stor misjonssamling i Stranda

Norsk Luthersk Misjonssamband samlar troppene i Stranda.

Unni Wilhelmsen til Eidsdal

Komande helg, 26. og 27. mai, inviterer Eidsdalsrørå til familie- og kulturfest for fjerde året på rad.

Stranda

Glede over politi-vedtak

Ordførar Jan Ove Tryggestad i Stranda gler seg over at lensmannskontoret ikkje blir lagt ned.

Freista med korps-konsert

I fjor gjorde Stranda skulekorps god rekruttering, no håpar dei på å gjenta suksessen i år.

Stranda vg. skule

Selte 600 smoothie

 Ungdomsbedrifta ZUP UB frå Stranda vidaregåande skule har selt over 600 flasker med smoothie, deriblant frå Rema sin butikk på Stranda.