Sjögren skjerma stjernene

Ada Hegerberg og Caroline Graham Hansen hadde mediefri måndag. Landslagsleiinga ville gje dei ekstra kvile i oppkøyringa til skjebnekampen mot Belgia.

– De pratar ganske mykje med dei og vil snakke med dei stort sett kvar dag. Nå bestemte vi at dei skal få kvile ein dag, sa landslagssjef Martin Sjögren til NTB.

Som vanleg ynskte dei fleste media som dekkjer Norges EM-lag å snakke med dei to største stjernene dagen etter den skuffande opningskampen mot Nederland, men Hegerberg og Hansen fekk sleppe.

– Vi treng å spreie presse- og mediekontakten på fleire spelarar, og då blir det ganske naturleg å ta bort dei to som alle alltid vil prate med, forklarte Sjögren.

Mediekontakten for landslaget, Jan Ove Nystuen, understreka at det ikkje var spelarane som hadde bede om mediefri, men at det var landslagsleiinga si avgjerd.

Det er ikkje første gong under EM-samlinga at Hegerberg og Hansen er skjerma. Også på den siste treningsdagen på precampen i Oslo hadde duoen mediefri.

Alle saman

Sjögren samla alle dei 23 spelarane i troppen på treningsfeltet i Wenum-Wiesel rett utanfor Apeldoorn måndag, i staden for å la dei som spelte søndag nøye seg med tur i treningsstudio. Slik har Norges restitusjonstreningar i meisterskap bruka å vere.

– Vi gjer dette saman. Vi vinn saman og taper saman. Det er veldig viktig å verne om fellesskapet i gruppa og ikkje splitte opp gruppa, sa han til NTB.

Elise Thorsnes, Ingvild Isaksen, Maria Thorisdottir og Ingrid Schjelderup gjorde unna første del av økta i treningsstudio, men alle dei 19 andre varma opp saman på feltet. Dei fire siste slutta seg til dei andre tre kvarter ut i økta og var tilskodarar til den siste timen.

Humør

Av dei 13 som var på banen mot Nederland var berre Emilie Haavi og Guro Reiten med i spelsekvensane, men humøret var tilbake etter at det var mange lange ansikt søndag kveld.

–Vi prata om det etter kampen, at vi hadde lov til å vere skuffa og skulle vere det, men at vi skulle legge det bort og vere positive når vi vakna igjen. Det var fint å komme ut hit i sola og samle energi med lette øvingar, smil og latter, sa Sjögren.

–Då blir det lettare å vende motgangen til medgang.

(©NPK)

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Iran held på kvinneforbod på fotballarenaer

Irans fotballforbund lukkar øyra for kritikken og fortset å nekte kvinner tilgjenge til fotballkampar i landet.

Bendtner i målform gir kroner i RBK-kassa

Fansen storma til RBK-shopen etter Nicklas Bendtners måldobbel mot Vålerenga. No har supporterbutikken selt Bendtner-trøyer for nesten to millionar kroner.

Windingstad imponerer i Sør-Amerika

Alpinisten Rasmus Windingstad viser fine takter i sesongoppkøyringa. Natt til tysdag vann han sitt andre strake FIS-renn i Chile.

Reklame frå utanlandske spelselskap aukar for fjerde året på rad

Spelreklame for utanlandske bookmakerar held fram med å rulle over norske tv-skjermar.

Renovasjons-konkurs råker Stranda

Konkursen i renovasjonsselskapet Reno Norden vil òg få konsekvensar for kommunane i Årim-samarbeidet.

Stranda vg skule

Laga reklamefilm

Den første av fem reklamefilmar frå Stranda vg skule er ferdig.

Fossevandring i Geiranger

Fekk prestisjekontrakt

Redningsaksjonen i Moldskreddalen

Berga ned frå Vasshornet

Politiet meldte på Twitter klokka 0256 natt til søndag at ein person som satt skårfast på Vasshornet i Moldskreddalen, er berga ned.

Redningsaksjon i Moldskreddalen

Klokka 22.14 melder Møre og Romsdal politidistrikt at det pågår et redningsoppdrag på Vasshornet i Moldskreddalen. Klatrere fra Sunnmøre Alpine redningsgruppe skal hjelpe ned en mann som har stått fast på en smal fjellhylle i flere timer.

Inneheld asbest

Skal fjerne helsefarlege røyr

Formannskapet godkjende nyleg at ny vass- og kabelgrøft på Framhus skal ut på anbod.

BLADFYKENS PETIT

Berre blåbær

Ein million tonn bær står og rotnar i skogen fordi ingen plukkar dei, melde NRK nyleg.