Kloster Aasen innstilt som nytt IOC-medlem

Visepresident i Noregs idrettsforbund, Kristin Kloster Aasen, er innstilt som nytt IOC-medlem av nominasjonskomiteen og styret i IOC.

Det stadfestar Noregs idrettsforbund i ei pressemelding fredag.

Kloster Aasen blir innstilt saman med to andre menn og to andre kvinner som nytt individuelt IOC-medlem. Valet vil finne stad på IOC-kongressen i Lima, Peru, 13–16. september i år.

– Eg har sagt ja til å stille og er sjølvsagt svært glad og entusiastisk over at valkomiteen i IOC og Executive Board har funnet mitt kandidatur interessant. No ser eg fram til valet i Lima med store forhåpningar, seier Kloster Aasen.

Handplukka av Heiberg

– Eg tok imot brevet frå IOC-president Thomas Bach med stor glede der han understreka at han trur at Kristin Kloster Aasen kan bli eit svært godt medlem for idrettsrørsla. Det er også eg overtydd om, og eg ser fram til valet, seier idrettspresident Tom Tvedt.

Kristin Kloster Aasen blei Noregs kandidat som etterfølgjar for Gerhard Heiberg i Den internasjonale olympiske komiteen (IOC) etter å ha blitt handplukka av Heiberg sjølv.

– Eg har prøvd å måle dei enkelte opp mot dei kriterium som IOC gjerne vil ha for moglege kandidatar, og samtidig tenkt på kva eg sjølv meiner kan vere den beste personen i dette spelet. Slik sett har Kristin passa godt inn i begge delar, så det er med relativt godt hjarte at eg kan sei at eg trur eg har landa ved riktig person, sa Heiberg til NTB.

Utdanna jurist

Kloster Aasen er utdanna jurist. Ho har dei siste åra hatt ulike leiarroller i idretten.

– Det har vore viktig for meg at ho ikkje berre har bakgrunn frå idretten. Ho er jurist, ho har vore i forretningsverksemd, ho har vore i kulturell verksemd, ho kjenner til det politiske, så ho representerer mykje meir enn berre idrett. Det passar inn den situasjonen ho eventuelt kjem inn i, forklarte Heiberg.

– Det at ein har erfaring frå ulike område i livet, har vore på forskjellige stader og har kompetanse frå andre stader kjem godt med. Så har eg min yrkesbakgrunn som har vore viktig for meg i alle dei tinga eg held på med. Det er viktig for meg også, sa Kristin Kloster Aasen til NTB då ho blei valt som etterfølgjar for Heiberg.

Heiberg gir seg etter 22 år i IOC. 77-åringen starta som president for organisasjonskomiteen for vinter-OL i 1994 i Lillehammer. Han blei deretter IOC-medlem.

(©NPK)

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Northug tilbake i trening

Petter Northug (31) er tilbake i trening og ynskjer å gå Tour de Ski.

Real Madrid møter PSG allereie i åttedelsfinalen

Det er duka for fleire godbitar i åttedelsfinalane i meisterligaen. Den største kampen blir utvilsamt tittelforsvarar Real Madrid mot Paris Saint-Germain.

Klæbo frontar Noregs Toblach-tropp

Johannes Høsflot Klæbo (21) er tilbake i langrennsverdscupen når det ventar to nye renn i italienske Toblach til helga.

Over ein million såg handballjentene tape mot Sverige

1,1 millionar sjåarar var innom VM-kampen i handball mellom Noreg og Sverige fredag kveld.

Russiske utøvarar vil konkurrere under nøytralt flagg

Mens Russland som nasjon er utestengt frå OL, melder fleire av utøvarane at dei vil ta imot tilbodet om å konkurrere under det olympiske flagget.

Tricia Boutté-Langlo:

Heidra svigerfaren med bursdagssong

Den amerikanske songarinna inviterte til julekonsert saman med Ytre Suløen i Stranda kyrkje søndag.

Gerhard B. Relling med minne frå Stranda

Leiken etter snøfall på 1960-talet

Problem i trafikken

Snøkava held fram