Kristoff vann Arctic-etappen til Bardufoss

Den ferske EM-meisteren Alexander Kristoff innfridde favorittstempelet med spurtsiger på den andre etappen av sykkelrittet Arctic Race til Bardufoss fredag.

Katusha-ryttaren var storfavoritt før den flate andreetappen, og vann sikkert i massespurten på flyplassområdet i Bardufoss.

– Det var som (Petter) Northug ville sagt. Det var eit barnesykkelløp. På slutten var det enkelt. Michael (Mørkøv) og Reto (Hollenstein) gjorde ein kjempeinnsats på sisterunden for å tette luka, og når ein har så gode lagkameratar blir det enkelt, sa Kristoff til TV 2.

– Det er herleg å få ein siger i Arctic. Det er det eg kom hit for. No kan eg senke skuldrene, held han fram.

Det var den femte etappesigeren til Kristoff i rittet gjennom karrieren. 30-åringen har vunne fem av åtte norske etappesigrar i det norske rittet.

Hugo Hofstetter og Andrea Pasqualon var nærmast Kristoff i spurten. Kristoffer Halvosen blei nest beste norske med ein sjetteplass.

Dylan Teuns leiar samanlagt etter å ha vunne opningsetappen torsdag. Pasqualon er to sekund bak, mens Kristoffer nummer tre, tre sekund bak leiaren.

(©NPK)

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Bullen tapte dramatisk VM-kamp

Grace Bullen tapte sin første kamp i bryte-VM i 58-kilosklassen etter stor dramatikk. Også Iselin Moen Solheim i 75-kilosklassen er utslått.

Aviskommentatorar ueinige om Johaug-dommen

Norske aviskommentatorar har ulike meiningar om Therese Johaugs dopingstraff. Nokre meiner den er for streng, andre ikkje, men Johaug får mykje sympati. 

Casper Ruud vidare i US Open-kvalifiseringa

Casper Ruud tok seg greitt over første hinder i kvalifiseringa til Grand Slam-turneringa US Open. Han slo Dmitrij Popko 6-4, 6–0.

Slitesiger for Avaldsnes

Avaldsnes var klar favoritt mot Breznica i meisterligakvalifiseringa i fotball for kvinner, men 2-1-sigeren i Montenegro tysdag sat langt inne.

Johaug tilbake på trening etter dommen

Nokre timar etter at ho gråtande møtte pressa var Therese Johaug tilbake på trening i italienske Seiser Alm tysdag.

– Ei stor ære

Det seier Roger Furset, som søndag blei utnemnt til æresmedlem i Storfjordens Venner.

Monja Mjelva ved Hotel Union Geiranger:

Medlem i nytt samarbeidsråd for kultur og reiseliv

Ei av oppgåvene til den nye meiningsgruppa blir å gje råd til regjeringa, som ønskjer å lokke fleire kulturturistar til Norge.

Cruisetrafikken og Geiranger

Ministermøte

Ordførar Jan Ove Tryggestad og representantar frå Stranda Hamnevesen skal møte klima- og miljøministeren 12. september.

Stranda Feriesenter

Vil ha saka opp på ny

Siste ord om avslag på søknad om næringsstøtte til arkeologisk undersøking er ikkje sagt.

Fjord Trail Race

Stor innsats av Røde Kors

Røde Kors i Stranda hadde 31 frivillige på plass under Fjord Trail Race.

I regn og skodde

Imponerande tider i regnet

Jonathan Albon frå Bergen og England vann det lange Fjord Trail Race.

Matfestivalen

Er du ein matgründer?

Fylkesmannen ønskjer å delta i mobiliseringa av fleire lokalmatprodusentar.