PSG-eigaren under etterforsking, mistenkt for smørjing med FIFA-topp

Den sveitsiske påtalemakta har opna korrupsjonssak mot Nasser al-Khelaifi, den styrtrike eigaren av fotballklubben Paris Saint-Germain. 

Saka mot al-Khelaifi kjem som ei følgje av ei pågåande etterforsking av Det internasjonale fotballforbundet (Fifa).

PSG-eigaren er mistenkt for å ha brote lova i samband med tildelinga av medierettar for fotball-VM i visse nasjonar. Det same gjer Jerome Valcke, tidlegare generalsekretær i Fifa.

Påtalemakta i Sveits mistenkjer at bein Media Group, som er styrt av al-Khelaifi, betalte stikkpengar til Valcke for å sikre seg medierettar til VM.

Torsdag kveld tilbakeviste bein i ein offisiell uttale alle skuldingar om korrupsjon.

Etterforskinga starta i mars, men har vore halde hemmeleg heilt til no.

Tre mistenkte

Etterforskinga gjeld «Jerome Valcke, direktøren i bein Media Group LLC, Nasser al-Khelaifi, og ein forretningsmann i sportsrettsektoren», heiter det i eit dokument frå påtalemakta.

Valcke blir mistenkt for å ha "teke imot urettmessige fordelar frå ein forretningsmann i sportsrettssektoren i samband med tildeling av medierettar for VM i 2018, 2022, 2026 og 2030".

Det blir hevda at det også var ulovlege transaksjonar med Nasser al-Khelaifi "i samband med tildeling av medierettar i visse land for VM i 2026 og 2030".

VM i 2018 blir spelt i Russland, mens turneringa i 2022 går i al-Khelaifis heimland Qatar. Sluttspela i 2026 og 2030 er enno ikkje tildelte.

Avhøyr og razzia

Valcke var onsdag i Sveits i samband med ei høyring i Idrettens valdgiftsrett i Lausanne. Han har anka den 10 år lange utestenginga si frå all fotball på grunn av korrupsjon.

Torsdag var Valcke i politiavhøyr i Genève. Han har ifølgje påtalemakta status som mistenkt.

Samtidig med at Valcke blei avhøyrt, slo styresmaktene i Frankrike, Hellas, Italia og Spania til mot ulike lokale i jakt på bevis i saka. I Paris var kontora til bein gjenstand for ein razzia.

Al-Khelaifi er ein tidlegare tennisspelar som no er forretningsmann og styreleiar i både PSG, bein og investeringsselskapet Qatar Sports Investments (QSI).

QSI kjøpte PSG i juni 2011 og har sidan spytta inn enorme pengesummar i den franske storklubben. Al-Khelaifi har hatt ein høg profil mens klubben har sikra seg store stjerner som Neymar og Kylian Mbappé for rekordhøge summar.

PSG har ikkje kommentert nyheita torsdag.

(©NPK)

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Islands fotballkvinner med sensasjon borte mot Tyskland

Det er ikkje berre mennene som kan skape fotballsensasjonar på Island. Fredag tok kvinnene ein svært sterk 3–2-siger borte mot Tyskland.

Norsk fjerdeplass i bane-EM

Anita Yvonne Stenberg var nær ein bronsemedalje i bane-EM i sykling i Berlin fredag.

Sykkel-VM stansar all utbetaling til kreditorane

Sykkel-VM kjem til å gå på eit solid underskot. No har arrangøren stoppa all utbetaling til kreditorane.

Rekordhøg omsetning i toppfotballen

Tala for første halvår av 2017 viser omsetningsauke i toppfotballøkonomien. Både samla driftsinntekter og -utgifter er rekordhøge.

Betydeleg tilskodarvekst i eliteserien handball

Fleire heimvende profilar blir nemnt som ei viktig årsak til at eliteserien i handball både for menn og kvinner har hatt solid tilskodarvekst i haust.

Legekontoret på Hellesylt

Sender saka til HOK

Ørnesvingen

Utforkøyring i Geiranger

Politiet melder litt over klokka fire laurdag ettermiddag om ei utforkøyring i Geiranger, i nærleiken av Ørnesvingane.

Ruteheftene i fylket

Vil kutte ut papiret

Breidbandsutbygging i Stranda

Avslag frå NKOM

Meteorsverm på himmelen

Orionidene synleg i helga

Reguleringsplan for Lien Hyttegrend

Eigengodkjend for andre gong

Kommunestyret vedtok mot to stemmer igjen å eigengodkjenne reguleringsplanen for Lien Hyttegrend. Det førre vedtaket vart oppheva av Fylkesmannen.

– Bli bøssebærar

– Meld dykk som bøssebærarar, er den klare oppmodinga frå aksjonskomiteen for TV-aksjonen.