Mo Farah utnemnd til riddar

Langdistansemeisteren Mo Farah blei tysdag utnemnd til riddar for idrettsprestasjonane sine.
sport

Utmerkinga fekk han av dronning Elizabeth i ein seremoni i Buckingham Palace.

– Kven ville trudd at springinga skulle få meg hit? Utruleg karriere. For ei ære å bli utnemnd til riddar av Hennar Majestet Dronninga, skriv sir Mo, som han no kan tiltalast, i eit Instagram-innlegg.

Farah tok OL-gull på 5.000 og 10.000 meter både i 2012 og 2016. I tillegg har han vunne ei rekke VM- og EM-titlar.

(©NPK)